Ynskjer de fleire barn og unge i spelmannslaget? Ynskjer de å få på beina eit juniorspelmannslag? Norsk Musikkråd lyser no ut ei ny tilskotsordning for auka deltaking blant barn og unge i instrumentalensembler, som til dømes korps, orkester og spelmannslag.

Sturla Eide er ein av dei som har gjort ein stor jobb med rekruttering, og eit av resultata er laget "Laust og fast", som vann Samspel junior under årets Landsfestival. Foto: Thomas Westling

Ny støtteordning
Midlane i denne ordninga er friske midlar frå kulturministeren, som via Norsk musikkråd gjev ein stor pott for å gje enda fleire barn og unge moglegheit til å starte i instrumentensembler. Midla kan brukast på t.d. rekrutteringsaktivitetar, redusere kontingent, instruksjonskostnadar, leie av øvingslokalar, gjennomføre konsertar, kurs, seminarar, konkurransar, reise, naudsynt utstyr eller samarbeidsprosjekt.

Har lokallaget ditt eit prosjekt med å starte eit juniorspelmannslag? Har juniorspelmannslaget planar om kursing? Treng juniorspelmannslaget fleire feler? Eller kanskje rett og slett søke om støtte til å dekke lokallagskontigenten for alle juniorane i spelmannslaget? Søk i veg. Jo fleire som søker, jo fleire frå folkemusikken som har moglegheiter til å få midler?

Kort søknadsfrist
Søknadsfrist er no utvida til mandag 12.februar, men det er viktig å merke seg at det er kort frist for å søkje på ordninga!

Medlemslag i FolkOrg kan søkje
Det var fyrst meint at denne ordninga skulle vere for kun korps og orkester, men FolkOrg har jobba for at også spelmannslag må kunne gå innunder ordninga. Og slik har det blitt. FolkOrg er medlem av Norsk musikkråd, og alle lokallag i FolkOrg kan dimed søkje på denne ordninga.

Støtteordning for instrumentalensembler
Ordninga er øyremerkt instrumentalensembler der barn og unge i skulealder deltek (6-19 år), slik som korps, orkester, spelemannslag, storband og trekkspelorkester. Det er sett av totalt 6,5 millioner til ordninga og følgande tiltak vert prioritert:

  • Tiltak som forsterkjer eller supplerer igangsatte satsningar
  • Tiltak som forsterkjer samarbeid om rekruttering
  • Tiltak som omhandlar rekruttering frå nye målgrupper

Søknadsfristen på denne ordninga har no gått ut.

Verdas største juniorspelmannslag - som spelte på den fantastiske jubileumskonserten i Grieghallen i Bergen i oktober 2023. Foto: Thor Brødreskift/FolkOrg