Alle lokallag har tilgang til foreiningsverktøyet StyreWeb. No inviterer vi til webinar i bruk av StyreWeb 23. mars!

StyreWeb
StyreWeb er eit verktøy for lag og tillitsvalde i FolkOrg. Vi har vårt medlemsregister i dette systemet og nyttar det til å halde oversikt over både medlemmar og tillitsvalde. Lokallaga og områdelaga har òg tilgang til StyreWeb, og det kan nyttast til mellom anna å ha oversikt over medlem og ha kontakt med medlemene i laget. I tillegg finst det òg ulike tilleggsmodular for foreiningsdrift.

Vi ønskjer at alle skal få moglegheit til å bruke systemet på ein god måte, og vil derfor invitere til seminar i grunnleggjande bruk av StyreWeb.

 

Webinar 

Dato: Onsdag 23. mars,

Tid: kl. 17:00

Kvar: Teams

Påmelding til webinaret gjerast i skjemaet lenger ned på denne sida. Møtelenkje vert sendt ut same dag.