Her er alle vinnarplatene frå Folkelarmprisen 2020.

Solo
Nominerte:
John Mathis Utsi – Luohti vuolga
Ingebjørg Lognvik Reinholdt – Klokkur som ringjer deg heim
Mats Erik Odde – Logne slåttar

Vinnar:
Mats Erik Odde – Logne slåttar
Vinnaren av solistklassa har skapt enkle og velklingande arrangement til slåttane. Arrangementa på albumet er upåklageleg gjennomarbeidd. Han viser overskot til å framføre materialet på in meisterleg måte, og gjer lyttaren visshet om at det fins enda meir der det kom fra!  

Med den drevne spelestilen har dette solo-trekkspill albumet blitt til ein behageleg og fin oppleving som gir ro hjå lyttaren.

Høyr Logne slåttar her. 

Dokumentasjon
Nominerte:
Rjukanfossen – Slåttar i Tinn-tradisjon, Gunnar Dahle & Johannes Dahle (Etnisk musikklubb)
Erling Eriksen (Aksent)
Bjarne Herrefoss (Ta:lik)

Vinnar:
«Bjarne Herrefoss» – Ta:lik
ein heilstøypt produksjon blir det gjennom musikk, tekst og bilde vist fram eit rikt spelemannsliv. Gjennom liveopptak og studiopptak får vi møte ein utøvar i fleire fasettarav karriera og på ulike arenaer. Utvalet av materiale teiknar eit framifrå portrett av ein stor skikkelse i folkemusikkhistoria, og gjev lyttaren høve til å bli betre kjent med utøvaren. Tekstane som følgjer med er svært godt skrivne og tilfører heile produksjonen eit personleg preg med fine historier og minner. Innspelingane som er valt ut gir gjenklang i fortid, notid og framtid, og løfter fram vinnaren som ein evig aktuell hardingfelespelar.

Høyr Bjarne Herrefoss her.

Tradisjonelt samspel
Nominerte:
Sturla Eide – Dimminsjonspols
Rim – Båten
Firo – Det var en lørdagsaften
Flottorp/Solberg – Heimespel

Vinnar:
Flottorp/Solberg – Heimespel
Vinnaren i klassa Tradisjonelt samspel lar det reine slåttespelet stå i høgsetet, og har eit røft og upolert uttrykk. Arrangementa er gjerne enkle men verknadsfulle, og er med på å løfte slåttane fram. Besetninga er i seg sjølv eit særpreg for denne duoen, som har eit tett og godt samspel fullt av energi og spelelyst.

Dei viser respekt for tradisjonsmusikken samstundes som dei gjennom drivande godt spel tar slåttane med inn i nye landskap med sin utradisjonelle besetning; hardingfele og gitar. 

Høyr Heimespel her.

 

Open Klasse
Nominerte:
Ragnhild Furebotten – Klopper
Perleskum – Tyttebæret
Marja Mortensson og Daniel Herskedal – Lååje – Dawn
Camilla Granlien – Jeg går i tusen tanker

Vinnar:
Erlend Apneseth – Fragmentaritum
Vinnaren av årets Open klasse er ei spenstig reise gjennom tid og rom. Frå kappleiken, gjennom bygda, opp på fjellet, ut i verdsrommet og inn i urbane strøk ein torsdag kveld.  

Albumet er nyskapande, særlig med tanke på arrangeringa, der det vert måla eit stort lydlandskap som omgir heile lyttaren. 

Albumets komponist og hovudartist har fått med seg ein gjeng med oppdagande og utforskande musikarar, heriblant en godt etablert jazztrio som dei siste åra har utpeika seg som eit av die mest spennande og originale banda i landet. Utgivelsen har hausta svært gode kritikkar frå eit breitt publikum både nasjonalt og internasjonalt. 

Årets vinner av åpen klasse er allereie godt vant med prisar og utmerkingar, og det er vel fortjent.

Høyr Fragmentarium her.

Dansespel
Nominerte:
Kviven Duo – Kvakksalvar-Guri
Vårdal og Andersson – 1700
Gjevre, Odde og Vårdal – Husklugumt

Vinnar:
Gjevre
, Odde og Vårdal – Husklugumt
Vinnaren
 i dansespel byr på kraftfult, energisk og godt samspel. Her blir ein presentert for musikk med god forankring i tradisjonelt spel, der instrumenta følgjer kvarandre tett og godt. 

Plata har ein god kombinasjon av tradisjonsrepertoar og nykomponerte melodiar, og ein kan høyre at det er musikarar som har spelt mykje til dans. 

I distriktet der gruppa kjem frå er kanskje ikkje dette den mest vanlege besetninga, då spesielt med tanke på at hardingele er med. Dette er med skape følelsen av at noko nytt blir produsert og måten hardingfela krydrar arrangementa gjev produksjonen ein prikk over i-en. – Lekkert!

Høyr Husklugumt her.