Vinnaren av årets lokallag er Tinn spelemannslag!

Vinnaren av årets lokallag har greidd å byggje opp eit sterkt miljø for unge folkemusikere og folkedansere. Dei er eit levande bevis på at tradisjonar som er på veg til å bli gløymde kan få nytt liv med godt samarbeid og sterke ildsjeler.

For knappe ti år sidan var det nesten ingen unge som dreiv med folkemusikk eller folkedans i dette distriktet, men no har dei bygd opp ei gruppe på om lag 70 born og ungdommar. Vinnaren er eit levande døme på at samarbeid mellom lokalmiljøet, kulturskule, friviljuge og lokale ressursar gjev resultat.

Prisen vart delt ut under Meisterkonserten i Operaen sundag 20. november 2016.

Vinnaren av årets lokallag er Tinn spelemannslag!

 


Årets lokallag 2016 – Tinn Spelemannslag.
Foto: Ingvil Skeie Ljones

 

Dei nominerte til Årets lokallag i 2016:
Tinn spelemannslag
Vågå Spel- og dansarlag
Røros folkedanslag