22.juni-26.juni er det endeleg duka for Landskappleik på Rjukan!

Etter to år med avlysing gler vi oss stort til å samle heile folkemusikkfamilien til trivelege kappleiksdagar i Telemark. Arrangørlaga er Tinn spelemannslag, Gransherad spel og dansarlag, Falkeriset Folkemusikklag og Seljord Folkemusikklag.

Dette er fyrste gong at Landskappleiken vert arrangert på Rjukan. Rjukan byr på ein unik kombinasjon av industri- og krafthistorie, og store delar av kappleiken vil føregå i den historiske bygnaden Såheimshallen.

Påmeldinga har opna!

Siste frist for påmelding er 16. mai!
Men om du melder deg på før 2. mai sparar du nokre kroner i påmeldingsavgift. Påmeldingsavgifta går til lokal arrangør.

Klikk her for å melde deg på:
Påmelding Landskappleiken 2022

Her kan du lese meir om deltaking og påmelding: Informasjon om påmelding

 

Storslåtte finalar

I år har Landskappleiken vorte tildelt heile to kongepokalar. Pokalane vert sett opp i klassene durspel og spel fele. Finalistane skal tevle om pokalane laurdag kveld: Kongepokalar 2022

I år vert det også Fureprisfinale og finale i spel hardingfele C med ei hardingfele som førstepremie: Finale spel hardingfele C

 

Innhaldsrikt kulturprogram

I tillegg til tevlingane som tek til onsdag ettermiddag, vert det eit innhaldsrikt kulturprogram desse dagane. Les meir om kulturprogrammet her: Kulturprogram

 

Ledig overnatting og gratis busstransport

Det er framleis mykje ledig overnatting på Rjukan og omeng. Les meir om dei ulike overnattingstilboda her: Overnatting på Rjukan

Kontakt Visit Rjukan, så får du hjelp:
Janne Liavik
overnatting2022@landskappleiken.no
Tlf: 35 08 05 50