3. august sparkar Landsfestivalen 2022 i gang i Vågå.

Vågå Trekkspelklubb er årets lokale arrangør og står klare til å ta imot storinnrykk av publikum, deltakarar og gjester til Vågå.

I år har vi rekordpåmelding med heile 707 unike deltakarar fordelt på 191 startnummer. Tevlingane tek til torsdag morgon med tevling i alle solo-klasser. Festivalen avsluttast på vanleg måte sundag ettermiddag med Meisterkonsert kor vinnarane i alle finaleklassene blir offentleggjort. I tillegg til tevlingar og finalar, er det lagt opp til eit rikt kulturprogram gjennom heile helga.

Festival-TV
Nytt av året er at det blir laga direktesendingar frå festivalen, der du kan få ein smakebit av tevlingar og konsertar, samt at vi tek pulsen på livet rundt om på festivalområdet og sentrum. Terje Gording Hong og Even Lusæter står for produksjon og innspeling av sendinga. Vi anbefalar alle å få med seg ettermiddagssendinga torsdag til laurdag frå kl 17:00!

Her er lenker til direktesendingane:
Torsdag:
https://youtu.be/rdRJldNgw9I

Fredag:
https://youtu.be/SaYZWaFA2G0

Laurdag:
https://youtu.be/R8dlDM5fqS8

Følg med på https://www.landsfestivalen.no/ for fleire artiklar og informasjon om årets festival.

Vel møtt til Vågå!

 

Startlistene finn de her:
http://startliste.folkorg.no/klasser/?kid=79

Her finn de alle resultat etter som dei vert offentlege: 
https://resultat.folkorg.no/

Her kan de sjå bilete frå Landsfestivalen etter som vi får dei klare:
https://www.flickr.com/photos/82915246@N03/albums/72177720300829931

Følg oss gjerne på https://www.facebook.com/Landsfestivalen og på instagram @landsfestivalen

Vi har mange filmsnuttar og bilder frå Landskappleiken både på instagram-historie og på facebook-historie.

Sjå og gjerne snapchatkontoen FOLKEMUSIKK NORGE for å få litt festivalnytt.