Oversikt over ulike prosjekt FolkOrg driv.

Folkemusikk

– nettstad og tidsskrift

Folkemusikk er både eit fysisk tidsskrift og ei nettavis for folkemusikk og –dans i Noreg. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, men er frittståande med eigen, uavhengig redaktør.

Folkemusikk vart etablert i 2010 på tuftene av historiskeSpelemannsbladet og Kvinten. Spelemannsbladet vart publisert fyrste gong i 1941. Bladet feira såleis 70 år i 2011. Nettstaden Folkemusikk.no har tidlegare vore heimesidene til FolkOrg og ein informasjonsportal for folkemusikkfeltet. No er nettstaden uavhengig, og FolkOrg har fått eigne heimesider – www.folkorg.no.

> www.folkemusikk.no

 

 

Slåttify

– spelelister med folkemusikk

Slåttify er ei nettside som inneheld ulike spelelister med norsk folkemusikk, eller musikk folkemusikarar eller andre har latt seg inspirere av eller liknande. På denne sida finn du spelelister frå ulike distrikt, ulike instrument ulike utøvarar og mykje meir. Me inviterer festivalar, arrangørar, musikarar og mange andre til å sette opp sine.

> www.slaattify.no

 

 

Intro-folk

– talentprogram

INTRO-folk er eit lanseringsprogram for unge, lovande folkemusikarar, der det overordna målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk, i regi av FolkOrg.

Seks av søkjarane vert valt ut til å delta på tre semifinalar på ulike festivalar. To eller tre av desse vert så valt ut til finalen i INTRO-folk. Alle finalistane får tilbod om preproduksjon med profesjonell produsent eller tilsvarande før finalekonserten, deltaking på Eksportskolen, og kvalitetssikring av sitt presse/promomateriell.

Vinnaren får ei lanseringspakke som vert utforma i dialog med vinnaren. Lanseringspakka skal bidra til å styrka og utvikla vinnaren både kunstnerisk og i høve til promotering og synleggjering.

> Meir om INTRO-folk her