For sjette året på rad lyser vi ut rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica. Midlane skal gå til større rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans. Søknadsfristen er 16. januar.

FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. FolkOrg har vorte tildelt rekrutteringsmidlane i fleire rundar. Den siste tidelinga kom våren 2020, då FolkOrg fekk tildelt midlar for tre nye år (2021-2023). Søknadsportalen for 2022 er no opna, med søknadsfrist 16. januar.

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik på prosjekta. Vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Prosjekta det søkjast midlar til må difor ha ein tydeleg intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Det er til dømes positivt om prosjektet viser til fleire økonomiske bidragsytarar og at det blir lagt fram ein plan for korleis de vil jobbe for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilete og eldsjeler.

Vi ønsker at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønsker vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytte møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

 

Dette er rekrutteringsprosjekta som til no har fått stønad i eit eller fleire år:

Bølingen (Akershus, Oslo og omegn)
FolkemusikkUNG (Valdres)
FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
Fuglen (Rogaland)
Arvtakerne (Finnmark)
Morgondagens spelemenn (Bergen)
Nøringen (Voss/Hardanger)
Raudan Gull (Møre og Romsdal)
SPREK! (Hedmark)
TØFT (Sogn og Fjordane)
Ung Halling (Hallingdal)
Spelemannslaget laust og fast (Orkanger og omeng)
Kulturverkstad:FOLK (Målselv)
Gorrlaus (Setesdal)
Folk-verksted Buskerud
OsterFolk (Osterøy)
TrønderTakt (Steinkjer og omeng)
Polsdans mot Bodø 2024 (Bodø)
Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn (Midt-Telemark)
Lausdans og Hallingskast (Voss)
HardingFolk (Hardanger)
UngFolk Gjøvik

Søknadsfristen er 16. januar 2022

Det kan ikkje søkjast støtte til:
Ordinær drift/øvingar

Prosjektskildringa bør innehalde:
– Ei tydeleg og konkret framstilling av prosjektet med skildring av aktivitetar og framdriftsplan, opplæringsarenaer og korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa.
– Målet med prosjektet med delmål og sluttmål.
– Namn på ønska instruktørar, førebilete, eldsjeler m.m.
– Namn på ønska samarbeidspartar.
– Ein tydeleg plan for vidare drift av prosjektet etter at støtta frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

Obligatoriske vedlegg:
– Prosjektskildring
– Budsjett og finansieringsplan

Eventuelle vedlegg:
– Avtaler/intensjonsavtaler med instruktørar, eldsjeler, førebilde, administrativt ansvarlege m.fl.
– Avtaler/intensjonsavtaler med samarbeidspartar som til dømes kulturskular, lokallag, foreninger, festivalar m.fl.
– Lydfiler, video etc.

Det kan søkjast om stønad for eit år om gongen. Søkjaren vel sjølv om de følgjer kalenderåret eller skuleåret. Dersom eit prosjekt kan vise til godt gjennomført prosjektår, vil prosjektet bli prioritert i neste års tildeling. Dette blir gjort for å skapa ei føreseieleg utvikling for prosjekta. Stønaden vil deretter gradvis bli trappa ned, og FolkOrg forventar at prosjekta frå starten av jobbar målretta for å sikre vidare finansiering etter at stønaden frå FolkOrg og Dextra Musica er avslutta.

Vi ser fram til å ta imot mange spanande søknader!

 

Spørsmål til søknaden kan rettast til Sina Myhr
Tlf: 95442592, e-post: sina@folkorg.no