FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica. Søknadsportalen for 2021 er no opna, med søknadsfrist 17. januar.

Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica har sidan 2017 gitt FolkOrg midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans. Våren 2020 vart FolkOrg tildelt heile 5,4 millionar til vidare satsing på rekruttering dei komande tre åra.

I denne treårsperioda vil det årleg bli lyst ut midlar til større rekrutteringsprosjekt, likt den ordninga FolkOrg har hatt sidan 2017. I tillegg blir det oppstart av eit nytt prosjekt kor utvikling av unge musikalske leiarar står i fokus. Meir informasjon om dette kjem på nyåret i 2021.

 

Dette er rekrutteringsprosjekta som til no har fått stønad i eit eller fleire år:

Bølingen (Akershus, Oslo og omegn)
FolkemusikkUNG (Valdres)
FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
Fuglen (Rogaland)
Leik lengst nord (Finnmark)
Morgondagens spelemenn (Bergen)
Nøringen (Voss/Hardanger)
Raudan Gull (Møre og Romsdal)
SPREK! (Hedmark)
TØFT (Sogn og Fjordane)
Ung Halling (Hallingdal)
Spelemannslaget laust og fast (Orkanger og omeng)
Kulturverkstad:FOLK (Målselv)
Gorrlaus (Setesdal)
Folk-verksted Buskerud
OsterFolk (Osterøy)

 

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Vi oppmodar om å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Prosjekta det søkjast midlar til må ha ein intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Det er til dømes positivt om prosjektet viser til fleire økonomiske bidragsytarar.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilete og eldsjeler.

Vi ønsker at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønsker vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytte møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

 

Søknadsfristen er 17. januar 2021

Det kan ikkje søkjast støtte til:
Ordinær drift/øvingar

Prosjektskildringa bør innehalde:
– Ei tydeleg framstilling av prosjektet med skildring av aktivitetar og framdriftsplan, opplæringsarenaer og korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa.
– Namn på ønska instruktørar, førebilete, eldsjeler m.m.
– Namn på ønska samarbeidspartar.
– Ein plan for vidare drift av prosjektet etter at støtta frå FolkOrg er avslutta.

Obligatoriske vedlegg:
– Prosjektskildring
– Budsjett og finansieringsplan

Eventuelle vedlegg:
– Avtaler/intensjonsavtaler med instruktørar, eldsjeler, førebilde, administrativt ansvarlege m.fl.
– Avtaler/intensjonsavtaler med samarbeidspartar som til dømes kulturskular, lokallag, foreninger, festivalar m.fl.
– Lydfiler, video etc.

 

Vi ser fram til å ta imot mange spanande søknader!
Dextra Musica og FolkOrg.

 

Spørsmål til søknaden kan rettast til Sina Myhr
Tlf: 95442592, e-post: sina@folkorg.no

 

 

 

 

 

 

Dextra-prosjekt 2021

Søk om midlar frå Dextra Musica 2021
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon så lenge rektutteringsprosjektet varar. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg.
  • Skriv litt om kven som er med i prosjektet.
  • Skriv kort om prosjektet. Det er venta at ei fyldigare prosjektbeskrivning vert lagt ved lenger ned i skjemaet.
  • Beskriv korleis de har brukt pengane de har fått og kva tankar de har framover. Hugs og å leggje ved årsrapporten for 2020.
  • • Prosjektskildring
    • Budsjett og finansieringsplan
    • Årsrapport for 2020 (gjeld berre dei som fekk stønad i 2020)
    Dra og slipp filer her, eller
  • • Avtaler/intensjonsavtaler med instruktørar, eldsjeler, førebilde, administrativt ansvarlege m.fl.
    • Avtaler/intensjonsavtaler med samarbeidspartar som til dømes kulturskular, lokallag, foreninger, festivalar m.fl.
    • Lydfiler, video etc.

    OBS! Sjekk at filane er godkjende før du sender inn søknaden!
    Dra og slipp filer her, eller