For fjerde året på rad lyser FolkOrg ut pengestønad til større rekrutteringsprosjekt. Stønaden er finansiert av pengegåve frå Dextra Musica. Frist for å sende inn søknad er 19. april 2020.

Dextra Musica ga i 2017 ei pengegåve til FolkOrg. Gåva er til satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans for perioden 2017-2020. No opnar søknadsportalen for 2020. Dette er foreløpig det siste året FolkOrg lyser ut desse midlane frå Dextra Musica.

Dette er prosjekta som til no har fått stønad i eit eller fleire år:

Bølingen (Akershus, Oslo og omegn)
FolkemusikkUNG (Valdres)
FolkRekrutt (Gudbrandsdalen)
Fuglen (Rogaland)
Leik lengst nord (Finnmark)
Morgondagens spelemenn (Bergen)
Nøringen (Voss/Hardanger)
Raudan Gull (Møre og Romsdal)
SPREK! (Hedmark)
TØFT (Sogn og Fjordane)
Ung Halling (Hallingdal)
Spelemannslaget laust og fast (Orkanger og omeng)
Kulturverkstad:FOLK (Målselv)
Gorrlaus (Setesdal)
Folk-verksted Buskerud

 

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Vi oppmodar om å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Prosjekta det søkjast midlar til må ha ein intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at stønaden frå FolkOrg er avslutta. Det er til dømes positivt om prosjektet viser til fleire økonomiske bidragsytarar.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilete og eldsjeler.

Vi ønsker at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønsker vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytte møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

Ei gong i året må prosjektet legge opp til å vise fram resultatet på ein eigna arena for både dansarar, musikarar og publikum.

Søknadsfrist er 19. april 2020.