FolOrg lyser ut Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for fem år. Søknadsfristen er 1. september 2020

FolkOrg lyser ut arrangementa for desse åra:

  • Landskappleiken: 2023, 2024, 2025, 2026 og 2027
  • Landsfestivalen i gammaldansmusikk: 2022, 2023, 2024, 2025, 2026

 

FolkOrg lyser ut Landskappleiken og Landsfestivalen for 5 år. Håpet er at mogelegheita for å søke om å ta på seg arrangementet fleire år fram i tid kan stimulere fleire lokallag til å søkje.

Det er behov for at både nye og tidlegare arrangørar tek på seg arrangementa i åra framover, og likeins er det ønskjeleg at arrangørlaga får god førebuingstid.

Å skipe til store arrangement kan vere både spennande og inspirerande. Det kan styrke fellesskapet, nye medlemmer blir rekruttert gjennom dugnadsjobbing, og det kan gi økonomiske musklar til å drive godt og aktivt lagsarbeid.

Jubileumsår
I 2023 er organisasjonen vår 100 år. Dette vil bli markert på ulikt vis gjennom året, og Landskappleiken og Landsfestivalen vil naturlegvis vere ein del av denne feiringa. Vi ynskjer søkjarar til jubileumsåret, men det er også mogleg at styret i FolkOrg legg nokon ekstra føringar for arrangementa dette året.

Søknaden må innehalde følgande punkt:

  • Informasjon om laget eller laga som står bak søknaden.
  • Bakgrunnen for søknaden.
  • Gjer greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom og bemannings- og dugnadskapasitet.
  • Det må leggast ved eit styrevedtak som er gjort i søkjarlaget/søkjarlaga angåande å søke om arrangementet, med underskrift av styreleiaren.

Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.

 

 

Søknadsfrist: 1.september 2020.
Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt for meir informasjon.

Søknad kan sendast på e-post til sina@folkorg.no eller i posten til:

FolkOrg v/ Sina Myhr
Møllergata 39
0179 Oslo

LK 2019: Fjelljom
Foto: R. Heggem