FolkOrg søkjer lokale arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk fram til 2029. Søknadsfristen er 8.mai 2023.
FolkOrg søkjer lokale arrangørar for desse åra:
- Landskappleiken: 2026, 2027, 2028 og 2029
- Landsfestivalen i gammaldansmusikk: 2025, 2026, 2027, 2028 og 2029
FolkOrg søkjer lokale arrangørar av Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk fram til 2029. Håpet er at mogelegheita for å søke om å ta på seg arrangementet fleire år fram i tid kan stimulere fleire lokallag til å søkje.
Det er behov for at både nye og tidlegare arrangørar tek på seg arrangementa i åra framover, og likeins er det ønskjeleg at arrangørlaga får god førebuingstid.
Å skipe til store arrangement kan vere både spennande og inspirerande. Det kan styrke fellesskapet, nye medlemmer blir rekruttert gjennom dugnadsjobbing, og det kan gi økonomiske musklar til å drive godt og aktivt lagsarbeid.
Under finn du oversikt over kor dei kommande arrangementa skal vere:
Landsfestivalen i gammaldansmusikk:
2023 – Førde. Arrangør er Indre Sunnfjord spelemannslag.
2024 – Vestnes. Arrangør er Møre og Romsdal folkemusikklag.
Landskappleiken:
2023 – Lom. Arrangør er Lom spel- og dansarlag.
2024 – Gol. Arrangørar er Gol spel og dansarlag.
2025 – Eidfjord. Arrangør er Hardanger spelemannslag.
Søknaden må innehalde følgande punkt:
- Informasjon om laget eller laga som står bak søknaden.
- Bakgrunnen for søknaden.
- Gjer greie for overnattingskapasitet, tevlingsarenaer med øvingsrom og bemannings- og dugnadskapasitet.
- Det må leggast ved eit styrevedtak som er gjort i søkjarlaget/søkjarlaga angåande å søke om arrangementet, med underskrift av styreleiaren.
Søknader som dokumenterer at kommune og næringsliv stiller seg bak søknaden, og at dei blir aktive, gode støttespelarar økonomisk og/eller på anna vis, vert prioriterte.
Søknadsfrist: 8.mai 2023.
Interesserte kan på førehand ta kontakt med FolkOrg sentralt for meir informasjon.
Søknad kan sendast på e-post til live@folkorg.no eller i posten til:
FolkOrg v/ Live Visdal
Møllergata 39
0179 Oslo

Foto: R. Heggem