Kvart år deler FolkOrg ut pris til eit spelemannslag som har utmerka seg spesielt.

Kvart år deler FolkOrg ut pris til eit spelemannslag som har utmerka seg spesielt og i år var det Trysil-Knut Dans og Spelmannslag som fekk gjekk av med seieren.

Dei nominerte laga i 2019 har gjennom mange år gjort solid arbeid i laget gjennom rekrutteringsarbeid, arrangement og godt frivillig arbeid. Døme på slike aktivitetar er kurs i song, spel og dans, arrangering av kappleikar og festivalar, samarbeidspart i større prosjekt og mykje meir. Dei andre nominerte til prisen for årets lokallag 2019 var Spelemannslaget Fjelljom og Elverum Danselag

Trysil-Knut dans og spelmannslag er eit lokallag med lange tradisjonar og sterke røter som vart skipa i 1973. Laget har som formål å bevare føre vidare folkedansen og folkemusikken i distriktet og jobbar med rekruttering som strekker seg frå dei heilt yngste til dei eldre gjennom ulike danse- og musikkaktivitetar gjennom året.

Laget sett fokus både på dansen, spelet og den vokale folkemusikken frå kommunen, og ynskjer å skape ein arena der alle kan få vera ein del av laget og der alle har noko å bidra med. Det siste året har dei lagt opp til helgedagar med dans og spel, kor dei treffast, dansar og speler ilag og får kursing i trinn og turar. Dette er ein arena der både ferske og røynde deltakarar møtast, og der ein fører tradisjonar vidare slik det har vore gjort i lange tider. Trysil-Knut dans og spelmannslag samarbeider med andre lokallag i nærmiljøet, mellom anna med Engerdalsringen og Rendalen spellmannslag, for å skape arenaer og møteplassar i nærområdet. Dei er òg ein del av SPREK! prosjektet til Hedmark Folkemusikklag som er eit danseprosjekt for barn og unge. I tillegg arbeidar dei med skulebesøk og kursverksemd i samarbeid med lokalmiljøet i Trysil.

Laget har arrangert fleire stemner og kappleikar med stor deltaking frå fjern og næ. Dei har vore ansvarlege for gjennomføring av to Landskappleikar, seinast i 2018.

Trysil – Knut dans og spelmannslag gjer ein stor innsats for å verne om og vidareføre tradisjonar til nye generasjonar, samstundes som dei vekker til livet interessa hjå dei som har vore med før.

FolkOrg gratulerer Trysil-Knut Dans- og Spelmannslag med prisen!