Årets vinnar av Øyvind Berghs minnepris er Trygve Liahagen. Han kjem frå Stange, og er ein ung og framstormande felespelar. Liahagen får prisen overrakt under KORK sin julekonsert på Rudi Gard fredag 24. november. Under konserten skal Trygve Liahagen spele "Hundreåringen" ilag med KORK, jubileumsslåtten som vart skrive til FolkOrg sitt 100-års jubileum.

– Trygve Liahagen vant i sommar Landskappleiken klasse B for andre år på rad, og tok dermed steget opp i A-klassa blant landets felespelarar. Han er ein allsidig musikar som spelar både fele og hardingfele, og blir stadig oftare nytta som felespelar i ulike samanhenger – alt i frå folkrock til gammaldans. Denne hausten starta han sitt fjerde og siste år på Bachelorstudiet i folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo, kor han i tillegg til felespelinga også fordjuper seg i komposisjon. Trygve Liahagen er ein veldig verdig vinnar av Øyvind Berghs minnepris, seier Gjermund Larsen som representerer FolkOrg i juryen.

– Det er ei stor ære å bli tildelt ein slik pris! Det kjennast fantastisk å stå på rekke saman med så mange dyktige musikarar og forbilete som har fått den før meg. Ein gigantisk takk til alle som har hjulpe meg på vegen!, seier prisvinnar Trygve Liahagen.

 

Prisen skulle opprinneleg bli delt ut under Høgfjellskonserten ved Rondane i august, men konserten vart avlyst grunna ekstremværet «Hans».

Vinnar av årets Øyvind Berghs minnepris, Trygve Liahagen

Om Øivind Berghs minnepris

Øivind Berghs minnepris går til unge lovande fiolinistar. Minneprisen er på kr 25 000,- og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt AS, etterkommane etter Øivind Bergh og SpareBank 1 Gudbrandsdal. Prisen er delt ut årleg under kulturfestivalen Peer Gynt, tidligare Peer Gynt-stemnet, sidan 1989. Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han ble fascinert av lokale spelmenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta.

Årets jury er samansatt av Trude Bergh (fra familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS).

 

 

Vinnarar av Øivind Berghs minnepris:

1989: Annbjørg Lien

1990: Elise Båtnes

1991: Arve Moen Bergset

1992: Mari Eggen

1993: Egil Syversbråten

1994: Per Sæmund Bjørkum

1995: Åshild Breie Nyhus

1996: Christian Borlaug

1997: Åse Teigland

1998: Per Anders Buen Garnås

1999: Øystein O Rudi

2000: Andreas Skeie Ljones

2001: Ola Kvernberg

2002: Øyvind Flaarønning Smidt

2003: Jorun Marie Rypdal Kvernberg

2004: Gjermund Larsen

2005: Jan Beitohaugen Granli

2006: Ragnhild Hemsing

2007 Eldbjørg Hemsing

2008: Ragnhild Furebotten

2009: ikke delt ut

2010: Alexander Aga Røynstrand

2011: Bjørn Kåre Odde

2012: Guro Kleven Hagen

2013: Eivind Holtsmark Ringstad

2014: Erlend Apneseth

2015: Hans P. Kjorstad

2016: Sonoko Miriam Shimano Welde

2017: Sivert Andreas Holmen

2018: Oda Holt Günther

2019: Helga Myhr og Rasmus Kjorstad

2020: Ludvig Norum Gudim

2021: Selma French Bolstad

2022: Alma Serafin Kraggerud

2023: Trygve Liahagen