TONO har ikkje gått med på å vidareføre rammeavtala dei har hatt med dei friviljuge musikkorganisasjonane. Dette gjer at alle lokallag i FolkOrg må frå januar forhalde seg til TONO meir enn tidlegare.

Over mange år nå har FolkOrg gjennom Norsk musikkråd hatt ei rammeavtale med TONO som har gjort at lokallag har kunne forhalde seg til TONO berre i form av musikkrapporter. Denne avtala har innebefatta spelmannslag, toradergruppe eller eit anna medlemslag som har hatt konsert, dansefest, miljøkveld el.l. der dei sjølv har spelt og det har vore publikum. Da har det vore nok å levere repertoarliste i etterkant.

Vi ser at det nok er mange som ikkje har visst at dei skulle ha levert rapport i etterkant av konsertar. Men uansett, alle lokallag som arrangerer tilstellingar der det blir spelt musikk for eit publikum må frå januar forhalde seg til TONO meir enn før.

NYTT FRÅ 1.JANUAR

Frå 1.januar vert ikkje rammeavtala TONO har hatt med dei friviljuge musikkorganisasjonane vidareført. Norsk musikkråd – som FolkOrg er medlem av – har ikkje fått med TONO på ny avtale. Vi i FolkOrg tykkjer dette er forferdeleg trist. Det vi kan gjere da er informere om det arbeidet lokallaga frå nå av må gjere knytt til konsertar.

Fyrst: Det er ingen stor jobb å forhalde seg til TONO. Dersom kvart lag t.d. har ein eller to personar som lærer seg korleis det blir gjort, er det veldig raskt gjort når ein fyrst veit kva som skal gjerast.

Det nye blir fyrst og fremst at laget må søkje TONO om løyve i forkant av konserten. Dette gjerast enkelt inne i TONO sin nettportal. Musikkrapporten – som skal leverast seinast 10 dagar i etterkant av konserten – er som den har vore. Og så er det nå slik at lokallaget får ein faktura direkte frå TONO på vederlaget for konserten.

MEDLEMSFORDEL

FolkOrg har jo dei siste åra betalt TONO-vederlaget for lokallaga gjennom den rammeavtala som har vore. Det har vore ein viktig medlemsfordel. I og med at rammeavtala forsvinn, ynskjer vi i 2024 å prøve ei ordning der laget søker FolkOrg om kompensasjon i etterkant. Vi legg ut opplegg for dette på nettsidene to gonger i året. Kravet for å få kompensert TONO-vederlaga laget har hatt, er at dei har fått løyve frå TONO til dei aktuelle konsertane.

Denne medlemsfordelen gjeld sjølvsagt berre for konsertar der laget sjølv er både arrangør og utøvarane er medlemmar i laget. Ein kan ikkje søkje kompensasjon for ein konsert som lokallaget har arrangert med eksterne artistar på scena.

Eksemplar:

  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein miljøkveld der ungdomar frå laget spelar litt, det blir dansa litt, og spelmannslaget sjølv spelar litt. Da vil FolkOrg dekke TONO-vederlaget laget får faktura på.
  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein konsert med song- og spelsolistar. Solistane er medlemmar av laget og får honorar for spelinga. Da vil FolkOrg dekke TONO-vederlaget laget får faktura på.
  • Ljøsblått spel- og dansarlag arrangerer ein konsert med den «eksterne» gruppa Farleg Fiken Trio. Alle i trioen er ikkje medlemmar av laget. Da må spel- og dansarlaget betale TONO-vederlaget for konserten sjølv.

KVA SKAL LOKALLAGET GJERE?

Eit lokallag som skal ha ei tilstelling der det blir spelt musikk for publikum, må frå 1.januar…

  1. Søke om løyve i forkant.
  2. Levere inn musikkrapport (repertoarliste) i etterkant.
  3. Betale TONO-vederlag når faktura kjem.
  4. Søke FolkOrg om kompensasjon (søknadsrunde to gonger i året).

Tono har laga ei informasjonsside om korleis de i laga skal gjere det. Vi anbefaler at kvart lag får ein TONO-ansvarleg, som lærer seg dette, og utfører arbeidet som må til. Det er som sagt ikkje nokon stor jobb når ein fyrst har lært det.

TONO sine informasjonssider finn du her:  https://www.tono.no/faq-items/veiledning-for-digital-kundeportal-i-mitt-tono/ 

SVAR PÅ STILTE SPØRSMÅL

Vi i FolkOrg har fått ein del spørsmål om TONO den siste tida. På nyåret kjem vi til å ha TONO som tema på lokallagskaffien, og fyrste treff blir tysdag 13.februar. Under viser vi til spørsmål vi allereie har fått:

«Vi skal nå begynne å betale TONO-vederlag, det har vi jo aldri gjort før…?»

  • Jo, alle medlemslag som har arrangert konsertar og levert musikkrapport, har  betalt TONO-vederlag indirekte via FolkOrg. Det er FolkOrg som har betalt dette vederlaget for laga. Dette har vore og skal vere ein medlemsfordel for lokallaga i FolkOrg.

Er det FolkOrg som nå har bestemt at lokallaga skal forholde seg til TONO og betale vederlag til TONO?

  • Det er det ikkje. Vi har gjennom NMR i heile haust prøvd å få til ny rammeavtale med TONO. Men det har altså ikkje TONO ville vere med på. Derfor må frå 1.januar lokallaga forhalde seg meir direkte til TONO enn tidlegare.

Det har kome spørsmål som at «jamen, vi speler jo berre tradisjonell musikk, da er det vel ikkje noko TONO har noko med?»

  • Ein må uansett forhalde seg til TONO. Men, det er faktisk slik at dersom musikkrapporten som laget sender inn etter konserten viser at det var 100% tradisjonell musikk på konserten, da blir TONO-vederlaget 0 kr. Da må det ikkje vere nokon slått eller song som var arrangert på nokon måte eller at det vart brukt noko nykomponert slått/song. I slike tilfelle er det ikkje eit einaste innslag som har noko registrert opphavsrett. Men altså, dersom det er ein eller fleire komponerte slåttar blant repertoaret, eller at det er eitt eller fleire av innslaga som har andrestemmer eller andre arrangement, ja da er det opphavsrett knytt til desse. Og dersom da arrangøren eller komponisten er registrert i TONO, så blir det eit TONO-vederlag for konserten. Så i alle tilfeller må det søkast løyve i forkant av konserten, og så vil TONO-vederlaget justerast ettersom TONO ser kva repertoaret er.

Kva skjer dersom ein ikkje søkjer løyve i forkant eller sender musikkrapport?

  • TONO forvaltar opphavsrettar til musikarar. At arrangørar av konsertar betaler TONO-vederlag handlar om rettigheitene musikarar, komponistar og arrangørar har til sine verk. Det er viktige inntekter for alle som lager musikk og som arrangerer musikk. TONO-vederlaget er ikkje ei avgift, men eit vederlag til komponist/arrangør. Og TONO-systemet er mest av alt basert på tillit. Tillit til at alle rundt om i landet registrerer konsertane slik at dei som har opphavsrettar til musikken får betalt. Er det slik at TONO får rede på at ein konsert har vore holdt utan at arrangøren har søkt løyve eller levert musikkrapport, så vil TONO fakturere vederlag med eit påslag.
Sør-Fron spelemannslag, og alle andre spelemannslag i landet, må frå 1.januar 2024 forhalde seg meir til TONO enn tidlegare dersom dei skal ha eigne konsertar, dansefestar eller liknande. FOTO: Thomas Westling.