Her finn du informasjon og lenkjer til tilskotsordningar for kurs, arrangment, konsertar, rekruttering, instrument m.m.

Lokallag og områdelag i FolkOrg kan søkje om tilskot til drift og prosjekt, både gjennom FolkOrg og gjennom andre aktørar og organisasjonar. Det finnast midlar til både opplæring, kurs, arrangement, prosjekt, utstyr, lokale og mykje meir.

Sjå vår søknadskalender for oversikt over ordningar og fristar.

ORDNINGAR I REGI AV FOLKORG

Rekrutteringsstøtte
Denne ordninga er for lokal- og områdelag som er medlem i FolkOrg, eller for andre som arbeider aktivt for rekruttering innan folkemusikk og folkedans.

Den totale potten er på kr. 100 000, og søknadsfristen er 15. april.

 

Aktivitetstilskot 
Denne ordninga vart oppretta i 2021 og har som formål å bidra til lokal aktivitet prosjekt og arrangement i heile landet. Ordninga skal òg bidra til inkluderande tiltak, for både nye og gamle folkedans- og folkemusikkentusiastar i alle aldrar.

Den totale potten er kr. 300 000,- og søknadsfristen er 15. april.

Rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica
FolkOrg har sidan 2016 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Dextra Musica og Sparebankstiftelsen DNB.

Eit av hovudmåla med denne stønadsordninga er å hjelpe i gang solide rekrutteringsprosjekt som fører til varige tilbod. Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik på prosjekta og vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande.

Søknad direkte til FolkOrg, med søknadsfrist i januar kvart år.

ANDRE ORDNINGAR FOR MEDLEMSLAG I FOLKORG
Lokallag og områdelag kan gjennom sitt medlemskap søkje om eksterne ordningar gjennom FolkOrg.

Momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet

Gjennom momskompensasjonsordninga kan alle lokallag få refundert ein viss prosent av driftsutgiftene sine. Grunnlaget er godkjent rekneskap frå årsmøtet med totale driftsutgifter frå førre år. Lokallaget må vera registrert i Frivillighetsregisteret for å få godkjent søknaden.

Søknad sendast gjennom sentralleddet (FolkOrg) med frist i august kvart år.

Frifond Organisasjon
Denne ordninga skal stimulere og nå ut til lokallag som er medlem i ein nasjonal, frivillig organisasjon med musikk som hovudverksemd.

Målgruppa for ordninga er barn og unge under 26 år. Dersom lokallaget oppfyller krava for tildeling, får laget driftstønad basert på antal medlem i laget under 26 år.
Ein kan søkje om både driftstilskot og prosjektstønad.

Søknad gjennom sentralleddet (FolkOrg) med frist i oktober kvart år.

ANDRE ORDNINGAR:

Folkemusikken og folkedansens dag i 2022

Frivillighet Norge har fått tildelt 2022 som Frivillighetens år og i den forbindelsen har de invitert alle organisasjoner til å markere året gjennom Vår dag-kampanjen.

FolkOrg har meldt inn 16. juni som folkemusikken og folkedansens dag, og alle lokallag i FolkOrg kan søkje om stønad til lokale arrangement denne dagen.

Søknadsfristen er 7. februar og ramma for søknadsbeløp per arrangement/markering er 25 000 kroner. Søknad sendast gjennom Frivillighetens år sin portal. 

Musikkens studieforbund
Voksenopplæringsordninga gir stønad til øving og anna opplæringsaktivitet gjennom Musikkens Studieforbund (MSF). MSF fordeler økonomisk stønad til opplæring etter godkjente studieplaner.

For å søkje om stønad må ein vera medlem i ein av MSF sine medlemsorganisasjonar (som til dømes FolkOrg).
Søknad gjennom Musikkens Studieforbund sin søknadsportal. Utlysing kvart halvår.

 

Frifond kompetanse og aktivitet
Frifond kompetanse og aktivitet er ei tilskotsordning innafor rammene til Frifond Musikk. Ordninga skal gi lokale lag for og med barn og unge under 26 år mogelegheit til å sette inn kompetansehevande tiltak i lokallaget, ekstraordinær aktivitet, samarbeidsprosjekt eller andre liknande tiltak.

Søknad direkte til Frifond gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal. Frist 25. februar 2022.

KOMP
KOMP er ei tilskotsordning for kortare opplæringsprosjekt og andre kompetansehevande tiltak som skal styrkje og utvikle aktivitet, utøving og kvalitet innanfor det rytmiske feltet. Organisasjonar og lag, frittståande grupper, kulturskuler og andre kommunale kulturaktørar innanfor dei rytmiske sjangrane kan søkje på ordninga.

Søknad gjennom Norsk Musikkråd sin søknadsportal, med frist 25. februar 2022.

 

Kulturrom (tidligare Musikkutstyrsordningen)
Kulturrom skal bidra til at det finst øvingslokale og gode tekniske vilkår for framføring av musikk, dans og teater over heile landet. Ein kan søkje om tilskot til både teknisk utstyr og til bygg og utbetring av lokale.

Søknadar behandlast to gonger i året, og søknadsfristene er 1. mars og 1. september.

 

Norsk senter for folkemusikk og folkedans
Små raske midler
Formålet med ordninga er å stimulere til aktiviteter som skapar, formidlar, bevarer, dokumenterer og tilgjengeleggjer folkemusikk og folkedans. Søknadsramma er beløp mellom kr. 0 – 15 000,-

Fortløpande behandling.

Prosjektmidler
Denne ordninga er ei prosjektstøtte, og rettast mot fleire type einskilde tiltak for folkemusikk og folkedans. Ordninga skal primært dekkje områder som ikkje vert dekt av andre innanfor området. Søknadsramma er beløp mellom kr. 15 001 – 50 000,-

Behandling to gonger i året.