Gåvemidlane frå Dextra Musica gjev høve til å søke gåveforsterkningsmidlar frå Kulturdepartementet, noko som FolkOrg har fått innvilga. Delar av desse midlane blir no delt ut som tilskot til gode danseaktivitetar.

Er det lenge sidan det har vore fest i det gamle grendahuset i bygda di? Går det an å få til eit stort familiearrangement med dans og moro utan alkohol? Er det på tide at Jølstringar inviterer Setesdølar til sosial dans på Vassenden? Kan dansefesten i Mosjøen ha godt av at nokon blir hyra inn til å få alle ut på golvet og danse reinlendar?

Under særskilde satsingar i perioden 2017–2019 i FolkOrg sin langtidsplan står det mellom anna at «Vi skal samarbeide med laga om å få opp talet på dansefestar». No kan du, lokallaget ditt, områdelaget, eller konsertarrangørar søke om midlar til gode og kreative danseaktivitetar.

FolkOrg ønskjer søknadar både med tradisjonelle og kreative idear til god danseaktivitet. Det viktigaste er at ein får mange ut på golvet til denne sosiale og fine trimaktiviteten!

Søknadsfristen: 6. desember.
Maks søknadssum er kr. 10 000

Midlane må vere brukt innan 31. juni 2019

Ordninga støttar:
– Kreative og gode tiltak som fremjer den sosiale dansen
– Dansekurs i samband med dansearrangment
– Dansearrangement for alle aldersgrupper
– Det vere danseaktivitet

Ordninga støttar ikkje:
– Allereie planlagte arrangement/faste arrangement
(Men kan stø eit tillegg til dansearrangementet.)

Kven kan søke:
– Enkeltmedlemmar, lokallag, områdelag og arrangørar i FolkOrg

Rapportering
FolkOrg ønskjer ein enkel rapport innan 1. september 2019. I rapporten skal det stå litt om korleis arrangementet gjekk, kor mange som var der, kven som spelte og korleis arrangementet gjekk økonomisk.

 

Midlar til danseaktivitet - søknadsskjema

Søknadsskjema - frist 6. desember 2018
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon så lenge prosjektet varar. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.
  • Beskriv grundig aktiviteten med særskilt fokus på korleis midlane vil vere med på å bidra ekstra til arrangementet.
  • Skriv eit enkelt budsjett med sannsynlege inntekter og sannsynlege utgifter. Budsjett kan og lastast opp under her.
  • Budsjett for prosjektet