No kan du, lokallaget ditt, områdelaget, eller konsertarrangørar søke om midlar til gode og kreative danseaktivitetar.

Under særskilde satsingar i perioden 2017–2019 i FolkOrg sin langtidsplan står det mellom anna at «Vi skal samarbeide med laga om å få opp talet på dansefestar». No kan du, lokallaget ditt, områdelaget, eller konsertarrangørar søke om midlar til gode og kreative danseaktivitetar.

Gåvemidlane frå Dextra Musica gjev høve til å søke gåveforsterkningsmidlar frå Kulturdepartementet og delar av desse midlane blir delt ut som tilskot til gode danseaktivitetar. I fjor fekk FolkOrg inn 43 søknadar til dansearrangmenet i 2019 og fordelte midlar til 19 ulike prosjekt.

Blant dei som mottok støtte til dansearrangement i 2019 finn vi mellom anna:
– Hedmark Folkemusikklag
– Sør-Fron Spel og Danselag
– Folkemusikk Nord
– Trondheim Toradergruppe
– Jostedal Spel- og Danselag
– Asker Spell. og Danselag
– Sinnsykt Bra Alternativ
– Gjøvik Spelmannslag
– Spelemannslaget Dåm og Drag

Vi ynskjer å halde fram med denne støtteordninga og ynskjer søknadar både med tradisjonelle og kreative idear til god danseaktivitet. Det viktigaste er at ein får mange ut på golvet til denne sosiale og fine trimaktiviteten!

Søknadsfrist: 9. desember 2019.
Maks søknadssum er kr. 10 000

Midlane må vere brukt innan 31. juni 2020

Ordninga støttar:
– Kreative og gode tiltak som fremjer den sosiale dansen
– Dansekurs i samband med dansearrangment
– Dansearrangement for alle aldersgrupper
– Det vere danseaktivitet

Ordninga støttar ikkje:
– Allereie planlagte arrangement/faste arrangement
(Men kan stø eit tillegg til dansearrangementet.)

Kven kan søke:
– Enkeltmedlemmar, lokallag, områdelag og arrangørar i FolkOrg

Rapportering
FolkOrg ønskjer ein enkel rapport innan 1. september 2020 som seier noko om korleis arrangementet gjekk, kor mange som var der, kven som spelte og korleis arrangementet gjekk økonomisk.

 

Søknaden sendast til solfrid@folkorg.no