I 2025 skal Landsfestivalen i gammaldansmusikk arrangerast på Oppdal, og i 2026 blir det landsfestival i Vågå.

Styret i FolkOrg tildelte på førre styremøte Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2025 til Oppdal Spell- og dansarlag, og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026 til Vågå Trekkspelklubb.

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Oppdal 30.juli – 3.august 2025
Landsfestivalen har vore arrangert på Oppdal i 1990, 2004, 2011 og sist i 2017. Også denne gongen skal Idrettshallen vere hovudarena, med kort veg til både øvingsrom, festivalcamping og overnattingsstadar.

Det er veldig positivt at tidlegare arrangørar, slik som Oppdal Spell- og dansarlag, er motiverte til å ta på seg Landsfestivalen med jamne mellomrom. Dette er med på å halde i live og vidareutvikle viktig arrangørkunnskap. FolkOrg er glade for at Oppdal Spell- og dansarlag vil invitere til ny festival i 2025!

 

Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Vågå 29.juli – 2.august 2026
Vågå Trekkspelklubb arrangerte Landsfestivalen for fyrste gong i august 2022, eit år med rekordpåmelding med 1120 deltakingar. Med Vågåhallen som kompakt tevlingsarena og fersk erfaring frå i fjor, ligg det godt tilrette for enda ein flott landsfestival i gammaldansmusikk i Nord-Gudbrandsdalen.

Å søke om å få arrangere Landsfestivalen berre seks månader etter sist gjennomført arrangement, viser stor iver og engasjement hjå Vågå Trekkspelklubb. Det er særs gledeleg at det blir ny festival i Vågå i 2026!

 

Utlysing av Landskappleiken 2026
Det er ikkje fastsett arrangør for Landskappleiken i 2026, og difor vert det ny moglegheit for å søkje om å få vere arrangør for Landskappleiken dette året.

Vi er spente på kven som vil ta på seg Landskappleiken i 2026!

 

Under finn du oversikt over kor dei kommande arrangementa skal vere:

Landsfestivalen i gammaldansmusikk:
2023 – Førde. Arrangør er Indre Sunnfjord spelemannslag.
2024 – Vestnes. Arrangør er Møre og Romsdal folkemusikklag.
2025 – Oppdal. Arrangør er Oppdal Spell- og dansarlag.
2026 – Vågå. Arrangør er Vågå Trekkspelklubb.

Landskappleiken:
2023 – Lom. Arrangør er Lom spel- og dansarlag.
2024 – Gol. Arrangørar er Gol spel og dansarlag.
2025 – Eidfjord. Arrangør er Hardanger spelemannslag

Foto: Vågå Trekkspelklubb