Linda Dyrnes har hatt sin siste arbeidsdag i FolkOrg.

Takkar for seg etter nesten 13 år i FolkOrg!

Linda Dyrnes har vore dagleg leiar i FolkOrg sidan 1. august 2010, og fram til no. På landsmøtet i FolkOrg, som var i helga, fekk ho takk og helsingar frå både styret og tilsette i organisasjonen.

Tysdag denne veka vart Linda overraska med avslutning i kontorfelleskapet med talar og gåver frå mange av dei ho har jobba tett med i mange år.

Vi ønskjer Linda lykke til som dagleg leiar i Norges fotografforbund!

Takk for innsatsen, Linda! 


Konstituert dagleg leiar
Kristian Ihle Hanto, nestleiar i FolkOrg, er konstituert som dagleg leiar fram til ny dagleg leiar er på plass.
Kristian har e-postadresse: kristian@folkorg.no

Linda Dyrnes

Takk til Linda

Linda kom inn som dagleg leiar i FolkOrg for nesten 13 år sidan, heilt utan bakgrunn og kunnskap om feltet vårt. Veldig modig! Så det var nok ein del som var skeptiske til kva du kunne bidra med, du som ikkje hadde folkemusikken og -dansen under huda, nærast ein føresetnad for å vere dagleg leiar i FolkOrg.

Men arbeidet som dagleg leiar i FolkOrg består av veldig mykje meir enn detaljkunnskap om tradisjonsmusikk og -dans! Du har gjennom dei 13 åra dine vist stor interesse og respekt for feltet, og har opparbeidd deg brei kunnskap om tradisjonsmusikken og -dansen og sat han inn i eit breiare, kulturpolitisk perspektiv. Du har jobba godt mot styresmakter som har lytta til  bodskapen og som i dag viser stor interesse og respekt for feltet vårt. FolkOrg har derfor fått ei viktig og sterk stemme på den kulturpolitiske arenaen, takka vere deg!

Du  har jobba målretta med nettverksbygging både nasjonalt og internasjonalt, og samarbeider godt med andre musikk- og kulturorganisasjonar. På den måten har FolkOrg opna meir opp mot omverda, noko som  bidreg auka merksemd mot feltet vårt og også rammevilkåra til FolkOrg. Du er høgst profesjonell, og har med det bidrege til at både administrasjon og styre har vorte meir profesjonelle og med tydelegare rolleforståing i arbeidet vårt. Du har hatt stålkontroll på økonomien, og leverer frå deg eit ryddig og veldrive bu når du no sluttar.

Du er trygg i rolla som leiar, samtidig som du har evne til å lytte og rådføre deg med andre i omgivnadene dine. Avgjerdene du tek, er godt og grundig tenkt over, og eg har alltid kjent meg  trygg på at det du gjer, held vatn. Du har med deg hjartet i leiarskapen din, samtidig som du lykkast å halde hovudet kaldt og dermed ta nøkterne og gode avgjerder.

Vi har samarbeidd tett i 6 år, Linda, og eg har stor respekt for deg både som leiar, fagperson og menneske. Eg set stor pris på den gode dialogen vår og konstruktive samarbeid, prega av respekt og tillit. Vi har utfylt kvarandre på ein god måte og det har aldri vore behov for rolleavklaring mellom oss – han har vore ryddig heile vegen!

Eg har hatt stor tiltru til deg, og reknar deg som ein viktig støttespelar, rådgivar og diskusjonspartnar i små og store saker og utfordringar vi har støytt på undervegs i FolkOrg. Eg er lei meg for at du har valt å forlate oss, men har stor respekt og forståing for ditt val.

Du skal få ei gåve frå alle oss i FolkOrg, eit handlaga sølvsmykke frå ein av medlemmene våre, Halvor Håkanes. Du har både sans for design og tradisjon, så eg håpar du vil like gåva frå oss.

Tusen takk, kjære Linda og lykke til på ferda vidare.
Vi  kjem til å sakne deg!

Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg