Laurdag 17. april vart landsmøtet i Folkorg gjennomført digitalt. Hilde Reitan frå Vågå vart attvalt som styreleiar for dei neste to åra.

Styret i FolkOrg etter valet på landsmøtet 2021

Leiar: Hilde Reitan
Nestleiar: Camilla Granlien
Nestleiar: Kristian Ihle Hanto

Styremedlem: Thomas Nilssen
Styremedlem: Kjellbjørn Karsrud
Styremedlem: Torfinn Hofstad (nytt styremedlem)
Styremedlem: Tormod Kleiveland (nytt styremedlem)

1.vara: Ole Erik Feragen
2.vara: Helene Høye
3.vara: Gro Skanke Raatama (nytt varamedlem)

Fagutval for yrkesutøvarar etter valet på Landsmøtet i 2021
Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Silje Solberg (ny i fagutval for yrkesutøvarar)
Jon Bugge Mariussen (ny i fagutval for yrkesutøvarar)

Tilsynsnemnd etter valet på Landsmøtet i 2021
Helene Myklemyr Bolstad
Per Øyvind Tveiten (ny i tilsynsnemnda)
Karolina Westling (ny i tilsynsnemnda)

Valnemnda i 2021 har vore:
Torunn Raftevold Rue
Øystein Rudi
Solbjørg Tveiten

Valnemnda etter valet på landsmøtet i 2021
Solbjørg Tveiten
Øystein Rudi
Per Anders Buen Garnås (ny i valnemnda)

Desse gjekk ut av styret i 2021
Thor Hauknes
Silje Solberg

Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan

Hilde er født i Oslo med røter frå Rendalen og har vore busett i Vågå frå 2007 der ho arbeider som kommunalsjef i Vågå kommune. Ho var med da Østerdalsringen blei etablert i Oslo på midten av 60-talet og debuterte i fele kl. C på landskappleiken på Oppdal i 1974. Ho har vore medlem i Østerdølenes spelemannslag i 25 år og no i Vågå spelemannslag i om lag 10 år. Ho har lang fartstid som tillitsvald i mellom anna Hedmark Folkemusikklag, Østerdølenes spelemannslag, Vågå spel- og dansarlag, Landslaget for spelemenn og i FolkOrg. Ho har óg vore dommar på Landskappleiken og Landsfestivalen fleire gonger i tillegg til lokal- og distriktskappleikar, samt jurymedlem i Spelemannsprisen.

Ein audmjuk Reitan takka for fornya tillit, og seier at ho gler seg til å fortsetje som styreleiar i FolkOrg.