Vi treng dykkar innspel til regjeringa si uforming av strategi for folkemusikk og folkedans og inviterer derfor til ein møteserie med temamøter for feltet.

Det vert ein spanande haust for alle oss som er oppteken av folkedans og folkemusikk i Noreg!

Regjeringa har sett i gang arbeidet med å lage ein strategi for folkemusikk og folkedans, og vi som er i feltet må sørge for at strategien inneheld det vi treng. FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans vil gjerne bidra til det, og tek med dette initiativ til både å sørgje for å vite kva feltet treng og å samordne slik at fleire kan jobbe for det same. Til det treng vi dykkar bidrag!

I samarbeid med fleire organisasjonar og institusjonar, ynskjer vi å invitere til ein nettmøteserie med ulike tema. Vår intensjon med desse møta er å samle feltet på dei sakene der det er ønskelig, og mulig. Det trur vi at vi kjem til å tene på! Møteserien avsluttas med eit felles, fysisk møte (om mulig) der vi vil prøve å koma fram til felles innspel som vi melder til departementet.

Møta er opne for alle som ynskjer å delta, og vi vonar at digitale møter gjer at fleire vert med. Høyringsfrista til Kulturdepartementet er 30.november, og alle kan levere skriftlige innspel.

I tillegg til desse møta ser vi på eit samarbeid med Kulturdepartementet om eit innspelmøte i oktober, samstundes med representantskapet for Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Meir informasjon om dette og invitasjon til et ope møte vil koma fra Kulturdepartementet.

_____________________________________________

PÅMELDING:
Meld deg på her og du vil få ei lenkje til deltaking til digitalt møte før møtet finner stad.

Dersom de har spørsmål og kommentarar, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Del gjerne denne informasjonen til nokon du har i ditt nettverk, som kan vera aktuelle eller interesserte i å være med på eitt eller fleire av desse møta.

MØTEPLAN:

A) Arkiv
Dato: 3.september kl. 14.00-15.00
Møteleiing: Norsk senter for folkemusikk og folkedans

B) Lokallag, spelemannslag og dansarlag
Dato: 7. september kl. 18-19.30
Møteleiing: Noregs Ungdomslag og FolkOrg

C) Instrumentmakarar
Dato: 8.september kl. 14-15
Møteleiing: Valdresmusea og Ole Bull akademiet

D) Utdanning, opplæring, forskning
Dato: 8.september kl.15-16
Møteleiing: Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Norges Musikkhøgskole

E) Profesjonelle utøvarar, plateselskap og bakfolk 
Dato: 9.september kl.10-12
Møteleiing: FolkOrg

F) Arrangørar
Dato: 10.september kl. 18-19
Møteleiing: FolkOrg

Oppsummerande møte for samla felt:
Dato: 21.september kl. 10-13
Stad: Oslo (med koronaforbehold – det vil òg vera høve til å delta via nett)
Ansvarleg for møtet: Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg

Tema: Kva er viktigast for vårt felt og innspel fra temamøta? Kan vi samlas om ein eller to kampsaker?