Ei gledeleg auke til Ole Bull Akademiet, driftstilskot til Kulturalliansen, auke til digitalisering av arkiv og ei auke i momskompensasjon til frivillige lag, elles få endringar for folkemusikken og folkedansen i regjeringas framlegg til kulturbudsjett for 2019. Ei kort oppsummering etter første gjennomlesing:

Ole Bull Akademiet 
Vi er glade for at Ole Bull Akademiet har fått ei auke på 0,8 millionar til å styrke vekekursa i folkemusikk og folkedans. Desse er viktig for å spreie kunnskapen om folkemusikk og folkedans til musikkstudentar i alle sjangrar, både utøvande og pedagogar.

Kulturalliansen
Kulturalliansen er inne på statsbudsjettet med 1 million kronar til drift. Samordning av det frivillige kulturfeltet er viktig og vi set stor pris på at regjeringa ser det.

Arkivsektoren
Det er positivt at regjeringa ser at det trengs eit løft når det gjeld digitalisering av arkiva for foto, video og lyd, og har gitt Nasjonalbiblioteket ei auke på 10 millionar. Dette håper vi kjem Stiftinga for folkemusikk og folkedans og dei andre folkemusikkarkiva i Noreg til gode.

Kulturfondet
Kulturfondet får ei auke på 3,44%, som faktisk er ei reell auke på nesten 1 %. Men diverre er posten til musikkformål auka med berre 2% som gir ein realnedgang på 0,5%. Med andre ord ingen auka satsing for kunstnarar, arrangørar, institusjonar eller organisasjonar på musikkfeltet som får sine tilskot her. FolkOrg, som fleire andre musikkorganisasjonar, har ikkje fått indeksregulering av Kulturrådet sidan 2014, og håpar at dei endeleg kan gi oss ei auke frå 2019.

Kunstnarstipenda
Kunstnarstipenda har fått ei auke på 2,4%, altså ei indeksregulering. Vi håpar at Kunstnarmeldinga som er varsla i 2019 vil sjå til ei større auke her og at kunstnarstipenda vil følgje statens lønsutvikling.

Momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar
Regjeringa foreslår å auke momskompensasjonen til frivillige organisasjonar med 134 millionar. Det er den største auka i momskompensasjon etter at Solberg-regjeringa tok over i 2014 og et viktig steg i rett retning. Det er likevel eit stykke att til full momskompensasjon og vi forventar at regjeringa følgjer opp Stortingsvedtaket om ei opptrappingsplan for full momskompensasjon og at full momskompensasjon blir ein rett for frivillige organisasjonar i frivilligheitsmeldinga.

Musikkutstyrsordninga
Musikkutstyrsordninga får eit utvida mandat om regjeringa sitt framlegg går gjennom. Dei skal bli ei kulturutstyrsordning og utvidas til å gjelde for fleire sjangrar og for amatørteaterfeltet. Vi meiner det er positivt at regjeringa styrkar satsinga på kulturarenaer, og dei tenkjer tverrkulturelt. Det er likevel utfordrande at ordninga berre er tilført 5 millionar kr som var på amatørteaterfeltet, og ikkje noko for å utvide til fleire musikksjangrar. Vi forventar at det vert teken omsyn til under fordelinga av spelemidlar.

Riksscenen
Riksscenen har fått ei vidareføring av driftstilskotet med ei indeksregulering på 2,4 %.

Kulturmidlar i Utanriksdepartementet
Etter mange år med kutt, gjer regjeringa nok ein gong eit framlegg om å kutte i kap 115 Norgesfremme. Det er viktige midlar for eksport av kultur frå Noreg, og det er ikkje samsvar med den uttalte satsinga på kulturnæring.