FolkOrg inviterer alle medlemmar til å delta i ei sprøjeundersøking om Landskappleiken og Landsfestivalen 2021.

FolkOrg og arrangørane for Landskappleiken og Landsfestivalen 2021 er godt i gang med førebuingane til sommarens arrangement. Grunna usikkerheit kring utviklinga av pandemien, blir det tatt høgde for at arrangementa kanskje må løysast på ein ny måte. I samband med planlegginga av alternative arrangement, er vi interesserte i å høyre kva medlemmane våre ynskjer seg. Den alternative løysinga må vere både økonomisk berekraftig, og realistisk med tanke på omfang, tid og ressursar.

Vi har oppretta denne undersøkinga da vi trur det finst mange gode idear ute blant medlemmane våre, og vi håpar de vil hjelpe oss med å sjå ulike løysingar. Resultatet av undersøkinga åleine vil ikkje avgjere kva vi endar opp med, men det vil vere ei viktig hjelp i arbeidet med å finne alternative løysingar som flest mogleg blir fornøgde med. Undersøkinga er anonym.

Klikk på linken under for å delta i undersøkinga:
Spørjeundersøking om LK og LF 2021

Undersøkinga ligg ute til og med 30. november.