FolkOrg skal hausten 2018 produsere volum 2 av folkCD.no i samarbeid med Music Norway og Utanriksdepartementet. folkCD.no er ein promo-CD i dobbelt format med norsk folkemusikk og folkedans retta mot utanlandske marknader.

FolkOrg inviterar musikarar og dansekompani som er aktive og eksportklare til å promotere seg på folkCD.no 2018

CD-en skal delast ut til relevant utanlandsk musikkbransje gjennom Utanriksdepartementets utestasjonar, og gjennom Music Norway og FolkOrgs nettverk og deltaking på internasjonale nettverksarenaer som Womex, Førdefestivalen, Oslo World Music Festival, Folkelarm og Bylarm.

Me invitere difor musikarar og dansekompani som er aktive i dag og klare til å spele/danse i utlandet, til å sende inn album/lydspor/filmar til oss. Lydspora og dansefilmane som vert med i produksjonen veljast ut av ein fagjury.

Frist for utfylling av skjema og innsending av materiale er 7. september 2018

Om de ønskjer å sende inn fysiske album skal desse sendast i fem (5) eksemplar til FolkOrg, postboks 4613 Sofienberg, 0506 Oslo. Merk pakka med folkCD.no. Legg ved kontaktinfo til avsendar (kontaktperson, epostadresse og telefonnummer).

Innsendt materiale må vere klarert for bruk på folkCD.no med alle rettshavarar og eigarar av det innspelte materialet. Eigarar/rettshavarar vil ikkje bli honorert av FolkOrg for bruk av musikken på folkCD.no.

Ver god å fyll ut alle felta merka med * må fyllast ut. Du får ein e-post med kvittering på søknaden. Om du ikkje får ein kvittering, eller du har andre spørsmål kan du ta kontakt med:

Torbjørn Bergwitz Lauen
torbjorn@folkorg.no
95 96 94 75

SØKNADSSKJEMA:
Klikk her for søknadsskjema til folkCD.no 2018


Her kan du lese om folkCD.no 2015

Retningslinjene som ligg til grunn for vurdering er:

Innspelingane skal i utgangspunktere ikkje vere meir enn tre år gamle, men om utøvaren er aktiv, men ikkje gjeve nok ut dei siste tre åra, kan det gjerast unntak. Innsendte innspelingar som skal gjevast ut i 2018 kan òg vurderast.

Utøvaren/utøvarane må vere aktive musikarar/dansarar og juryen skal vurdere både kvalitet og potensial for å slå an i utanlandske marknader (Dokumentasjonsutgjevingar er difor ikkje aktuelle.)

Hovudutøvar eller ein rimeleg del av utøvarane på innspelinga må vere norske statsborgarar eller busett i Noreg.

Hovudutøvaren eller dei av utøvarane som er norske statsborgarar eller busett i Noreg må vere medlem av FolkOrg. Om ein ikkje er medlem frå før er det mogleg å melde seg inn (snarast).

Det endelege utvalet er ikkje meint å ha noko som helst pedagogisk verdi med omsyn til å vise utlandet eit representativt tverrsnitt av norsk folkemusikks mangfald og historie. Dette er berre meint som eit produkt som kan promotere dei av dagens aktive og profesjonelle folkemusikk- og folkedansutøvarar som kan ha eit potensial for å få (fleire) oppdrag i utlandet.

FolkOrg vil gjerne at eksportklare, profesjonelle soloutøvarar er representert på utgjevinga.

Om juryen saknar artistar i det tilsendte materialet som dei meiner burde bere med på utgjevinga står dei fritt til å innhente materiale frå desse og dei dei med i vurderinga. Det må sjølvsagt avklarast med artistane.

Danseframsyningar:
I 2018 opnast det for utdrag frå sceniske folkedansframsyningar i produksjonen. Desse leggast ikkje med i fysisk format, men lenkast opp på nettsida no. Dansekompania må sjølv sørge for å lage eit utdrag av ein film frå ein av framsyningane sine. Denne må ha god kvalitet for å kunne bli med. På same måte som musikken må dette vere framsyningar som er eksportklare, og dei må ha ønskje og ambisjonar om å jobbe på den utanlandske marknaden.

Det er òg mogleg å sende inn demoar for prosjekt som skal gjevast ut i løpet av hausten.

Ved innsending av mange spor eller heile album må de føreslå to spor som til saman kan gje eit utfyllande inntrykk av artisten.

Me ventar at tiltaket vil bidra til auka merksemd, og konsert- og turnéverksemd for utøvarar av norsk og samisk folkemusikk og folkedans i utlandet.