For tredje året på rad lyser FolkOrg ut pengestønad til større rekrutteringsprosjekt etter å ha motteke gåve frå Dextra Musica. Frist for å sende inn søknad er 10. april 2019.

Dextra Musica ga i 2017 ei pengegåve til FolkOrg. Gåva er til satsing på rekruttering innan folkemusikk og folkedans for perioden 2017-2020. No opnar søknadsportalen for 2019. Heile 11 prosjekt er allereie av mottakarane i ordninga. Dette er:

Bølingen (Akershus, Oslo og omegn)
FolkemusikkUNG (Valdres)
FolkRekrutt (Gudbrandsdal)
Fuglen (Rogaland)
Leik lengst nord (Finnmark)
Morgondagens spelemenn (Bergen)
Nøringen (Voss/Hardanger)
Raudan Gull (Møre og Romsdal)
SPREK! (Hedmark)
TØFT (Sogn og Fjordane)
Ung Halling (Hallingdal)

Det er viktig at du tek deg god tid med søknaden slik at du får med alle detaljar, tankar og visjonar prosjektet måtte ha. Les utlysingsteksten nøye!

Kva kan det søkjast støtte til?
Det kan søkjast støtte til nye eller pågåande rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Vi oppmodar om å tenkje kreativt og nyskapande. Skap gjerne prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.

Det er ønskjeleg at prosjekta det søkjast midlar til, har ein intensjon om langvarig aktivitet og ein plan for vidare drift etter at støtta frå FolkOrg er avslutta. Kvart prosjekt søkjer i utgangspunktet støtte for eitt år om gongen. Det er ein fordel om prosjektet knyter til seg fleire økonomiske bidragsytarar.

Det er ingen krav til bruk av profesjonelle aktørar, men det er ønskjeleg at prosjektet knyter til seg dyktige instruktørar, gode førebilde og eldsjeler.

Vi ønskjer at prosjekta har ei god skildring av korleis dansen og musikken kan gå hand i hand i opplæringa. Vidare ønskjer vi ei skildring av dei ulike opplæringsarenaene som er tenkt nytta. Vi oppmodar om å tenkje på tvers av generasjonar og nytta møteplassar for dans og dansespel for unge og eldre.

Ein gong i året må prosjektet legge opp til å vise fram resultatet på ein eigna arena for både dansarar, musikarar og publikum.

Søknadsfrist er 10. april 2019.

 

Dextra-prosjekt 2019

Søk om midlar frå Dextra Musica 2019
    Vi treng å behalde søkjars kontaktinformasjon så lenge rektutteringsprosjektet varar. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.
  • Skriv litt om kven som er med i prosjektet.
  • Skriv kort om prosjektet her. Det er venta at ei fyldigare prosjektbeskrivning vert lagt ved lenger ned i skjemaet.
  • Beskriv korleis de har brukt pengane de har fått og kva tankar de har framover. Hugs og å leggje ved ein rapport frå siste året.
  • • Prosjektskildring
    • Budsjett og finansieringsplan
    Dra og slipp filer her, eller
  • • Avtaler/intensjonsavtaler med instruktørar, eldsjeler, førebilde, administrativt ansvarlege m.fl.
    • Avtaler/intensjonsavtaler med samarbeidspartar som til dømes kulturskular, lokallag, foreninger, festivalar m.fl.
    • Lydfiler, video etc.

    OBS! Sjekk at filane er godkjende før du sender inn søknaden!
    Dra og slipp filer her, eller