Arbeidsopphald ved Leveld Kunstnartun 1. november 2019 – 31. desember 2020 - Søknadsfrist: 1. april 2019.

Treng du arbeidsro, eller har du eit samarbeidsprosjekt saman med andre? Leveld Kunstnartun i Ål i Hallingdal lyser ut gratis arbeidsopphald for 2020. Opphald er tiltenkt profesjonelle kunstnarar – biletkunstnarar, forfattarar, musikarar, skodespelarar og kulturarbeidarar mm. Det er eit vilkår at ein har medlemskap i ein fagorganisasjon, eller at ein kan leggje fram tilsvarande fagleg dokumentasjon.

Det er gratis bruk av verkstad og internett. Kunstnarane må sjølv ta med materiale, reiskap, instrument og laptop til eige bruk. Opphaldsperioden er normalt 1 månad, men både kortare og lengre opphald kan avtalast.
Det er eit vilkår at kunstnarane under opphaldet formidlar sine prosjekt eller relatert emne lokalt etter nærare avtale.

Sjå full utlysning på www.kunstnartun.no

Digitalt søknadskjema er på www.kunstnartun.no og vedlegg sendast til leveld.kunstnartun@gmail.com innan 1.april 2019.