Kulturrådet lyser no ut midlar som små og store aktørar kan søke på, med søknadsfrist 22. april.

Gjennom 2022 blir Skeivt kulturår markert over heile landet. Kulturrådet lyser no ut midlar som små og store aktørar kan søke på, med søknadsfrist 22. april.

Les meir og søk om midlar her (lenke)

Vi vil oppmode lokallag, områdelag og folkemusikkfestivalar landet over til å markere dette året på ulike vis. Kva med ein debatt eller samtale om inkludering i miljøet vårt, eller om mangfald og representasjon på folkemusikk- og folkedansscena? Eller ein konsert eller eit dansekurs som set fokus på tematikken og kanskje røsker litt i forventningane og haldningane våre?

Moglegheitene er mange, og her kan de få idear til korleis de kan blir med å markere Skeivt kulturår 2022 (lenke)