Veit du om eit lokallag som fortener heider for arbeidet sitt? Nominer din kandidat innan 02. mars!
Mange lag fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. Veit du om eit lokallag som gjer ein stor innsats for å halde aktiviteten oppe, eller kanskje til og med gjer noko nyskapande? Då kan du nominere dei til FolkOrgs lokallagspris!
FolkOrg har i dag over 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 170 mangfaldige lokale spel- og dansarlag og områdelag. Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut FolkOrgs lokallagspris.
Styret i FolkOrg avgjer kven som får lokallagsprisen på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen, og ein vinnar. Det er open nominasjon, og lokallaga kan sjølvsagt melde sitt eige kandidatur.
Prisen er ein pengepremie på 20 000 kroner, og vert delt ut på FolkOrg sitt Landsmøte 21. – 23. april.
Frist for å nominere lag til FolkOrgs lokallagspris er 02. mars.
Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012. I 2023 vart det bestemt at prisen skal delast ut annankvart år og prisen endra då namn til FolkOrgs lokallagspris. Tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekruttering for folkemusikk og –dans. (2012)
- Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner. (2013)
- Klæbu torader- og danselag for sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt. (2014)
- Gjøvik spelemannslag, mellom anna for formidling av folkemusikk på eldre folkemusikkinstrument. (2015)
- Tinn spelemannslag for sitt rekrutteringsarbeid. (2016)
- Vågå spel- og dansarlag som sterke bidragsytarar til kulturlivet i sin region. (2017)
- Hardanger spelemannslag for framifrå arbeid for å halde tradisjonane i hevd. (2018)
- Trysil-Knut Dans og spelmannslag (2019)
- Setesdal Spelemannslag (2020)
- Bærum Spellemannslag (2021)
- Ål spel- og dansarlag (2022)