Er lokallaget ditt gode til å leggje til rett for sosial aktivitet? Har laget ditt fått mange nye medlemmar det siste året? Veit du om eit lokallag som har gjort noko ekstra bra i det siste? Då er kanskje du den rette til å sende inn forslag på "Årets lokallag 2019" i FolkOrg. Nominere ditt favorittlokallag som ”Årets lokallag” i FolkOrg i 2019 her!

Mange lag fortener heider for sitt arbeid med folkemusikken og folkedansen. Veit du om eit lokallag som gjer ein stor innsats for å halde aktiviteten oppe, eller kanskje til og med gjer noko nyskapande? Då er det berre å sende inn ditt forslag.

FolkOrg har i dag over 4600 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 153 mangfaldige lokale spel- og dansarlag og områdelag. Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom mellom anna å dele ut prisen for ”Årets lokallag”.

Styret i FolkOrg avgjer kven som blir Årets lokallag på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen, og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, sosiale media og pressemeldinger. Det er open nominasjon, og lokallaga kan sjølvsagt melde sitt eige kandidatur.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under Folkelarmhelga 7.-10. november 2019.

 

Årets lokallag 2019

  • Skriv ei grundig skildring av aktiviteten til laget.
    Vi treng å behalde kontaktinformasjon til den som kjem med forslag gjennom nominasjonsprosessen. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Øyvind Sandum i FolkOrg.