I 2021 gjekk prisen for "Årets folkemusikkarrangør" til Ta:lik. No er det klart for ny nominasjonsrunde. Send inn ditt forslag innan 20. september!

Prisen for Årets folkemusikkarrangør har vorte delt ut av FolkOrg sidan 2012, og skal synleggjere godt arrangørarbeid og heidre dei beste arrangørane. Samstundes skal prisen stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

Nok ein gong skal FolkOrg dele ut prisen til Årets folkemusikkarrangør. Prisen på kr. 20 000 blir delt ut under Folkelarm, under Folkelarmprisen fredag 27. november.

Fristen for å sende inn forslag er 20. september 2021.

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av forslag som kjem inn. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, sosiale media og pressemeldingar. Det er open nominasjon, og arrangørar kan også melde sitt eige kandidatur (fyll i skjema nedst på sida).

For å foreslå kandidat til Årets folkemusikkarrangør 2020, fyll ut skjemaet nedanfor. Merk at det er ope for alle som ønskjer å sende inn forslag!

Tidlegare vinnarar av prisen er:

2020: Ta:lik records
2019: Osafestivalen
2018: Trad Session
2017: Førdefestivalen
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

Frist: 20. september

Har du spørsmål, ta kontakt med Solfrid Gjeldokk i FolkOrg.

Fyll inn skjemaet under for å nominere din kandidat

  • Ikkje alle spørsmåla må svarast på. Svar på dei spørsmåla som passar det du ønskjer å ha med i forslagsteksten .
  • Felta med *) må fyllast ut, elles blir ikkje forslaget sendt.
  • Når du er ferdig så hugs å trykk på «send inn ditt forslag».
    • Hvis alt har gått rett skal du ha fått en bekreftelsesmelding og e-post!

Årets folkemusikkarrangør 2021

  • Dette kan vere både festivalar, konsertar, dansefestar, eller liknande.
  • Er det gjennom heile året eller er det eit einskild arrangement som t.d. festival?
    Vi treng å behalde kontaktinformasjon til den som kjem med forslag gjennom nominasjonsprosessen. Vi har denne informasjonen lagra i vårt system, vi deler ikkje denne kontaktinformasjonen med nokon. Dersom du ikkje ønskjer at kontaktinformasjon vert lagra så ta kontakt med Solfrid Nestegard Gjeldokk i FolkOrg/solfrid@folkorg.no