Fredag 9. november vert det gratisseminar om dansearrangement under Folkelarm. Dette er eit samarbeid mellom FolkOrg og Noregs Ungdomslag. Vi håpar å sjå mange medlemmar på seminaret!

Det er ingen tvil om at det skjer mykje spennande innanfor folkemusikken og folkedansen rundt om i landet vårt. Likevel er det mange som drøymer seg attende til 1960-, 1970- og 1980-talet då golva var fulle av dansarar i grendahus og ungdomshus. Korleis skal vi greie å få folk i alle aldrar til å gå «mann av huse» for å gå på dansetilstelningar att?

Fredag 9. november arrangerer Noregs Ungdomslag og FolkOrg eit samarbeidsseminar med fokus på dansearrangement på Riksscenen i Oslo. Dette er eit heildagsseminar frå 09.30 til 15.30 der vi vil diskutere ulike tema og utfordringar rundt det å arrangere dansefestar. Vi vil diskutere ulike arrangørutfordringar, marknadsføring, stønadsordningar og mykje meir.

Seminaret er gratis, og FolkOrg og Noregs Ungdomslag spanderer lunsj på alle seminardeltakarane. Thomas Nilssen vil lose oss gjennom seminardagen som ordstyrar.

Det er begrensa med plassar på seminaret, så meld deg på så fort du kan. Påmeldingsfrist er 1. november. 

For å melde deg på sender du e-post til Solveig Brekke Hauknes, eller Øyvind Sandum. Er det noko du lurer på så er det berre å ta kontakt.

Foreløpig program
09.30 – Kaffe
10.00 – Opning
10.15 – Innleiar/Foredrag
10.45 – Intervju/Solskinnshistorier
11.15 – Frukt og nøtter
11.30 – Arrangør (honorar, dugnad, skjenkjeløyve etc.)
12.30 – Lunsj
13.15 – Marknadsføring (Sosiale media, presseskriv, korleis engasjere folk etc.)
14.00 – Kunstnarisk innslag
14.15 – Stønadsordningar
15.00-15.30 – Kaffe og høve til å prate med kvarandre

 

Med atterhald om endringar.