Semifinalistane for INTRO-folk 2020 er klare, her kan du sjå kven som har gått vidare til semifinalene!

INTRO-folk

«INTRO-folk — årets unge folkemusikar» er eit lanseringsprogram for unge norske og samiske folkemusikarar. INTRO-folk er ein musikkonkurranse. I tillegg er det ein arena der unge folkemusikarar kan utvikle seg som kunstnarar og få røynsle i å formidle folkemusikk på eit høgt nivå, og der eit breitt publikum kan lære å kjenne dei som musikkutøvarar. Vidare er det eit mål å syne fram breidda og nivået hos unge norske og samiske folkemusikarar, og medverke til å fremje karrieren deira. Prosjektet nyttar musikkonkurranse som verkemiddel for å få merksemd. Det er ikkje eit mål i seg sjølv å peike ut ein vinnar, men samarbeidspartane er innforstått med at eit slikt verkemiddel speglar den røynda musikarane står overfor i den vidare karrierebygginga si — ein kamp om merksemd frå media, arrangørar og publikum.

Fortsatt samarbeid med Gramo
«Gramo er glade for å ha inngått et samarbeid med FolkOrg om Introfolk 2020. I Gramo er vi blant annet opptatt av å fremme ny norsk musikk, og dette er en fin mulighet for oss til å støtte unge lovende talenter i startgropa av karrieren. Gramo er spente på hvem som blir «Årets unge folkemusiker 2020» – og vinner av Gramo-stipendet på 100.000 kr!» – Suzanne Nyhuus, Les meir om arbeidet til Gramo her

Solistar
Styret i FolkOrg har i denne runden vald å fokusere på det solistiske uttrykket innanfor folkemusikken, for å fremje denne delen av tradisjonen. No er seks soloutøvarar valt ut til å delta på ein av tre semifinalar sommaren 2020.

Godt samarbeid med festivalar
FolkOrg samarbeider i år med Førdefestivalen, Jørn Hilme-stemnet og Nordsjøfestivalen. Dei seks semifinalistane er delt i tre grupper, og dei tre semifinalane vert på Førdefestivalen (1.-5. juli), Jørn Hilme-Stemnet (5.-12. juli) og Nordsjøfestivalen (27.-30. august). Vi kjem attende med konkret dato og tidspunkt for semifinalane.

Vinnarane frå dei tre semifinalane går vidare til INTRO-folkfinalen som vert på Folkelarm 26.-29. november 2020. Då får vi vete kven som er kåra til Årets unge folkemusikar 2020!

Tidlegare vinnarar av INTRO-folk er:
2018: Ole Nilssen
2015: Odde & Holmen
2012: Erlend Viken
2009: Kim André Rysstad
2007: Benedicte Maurseth
2005: Majorstuen

Semifinalister – Førdefestivalen

Semifinalister – Jørn Hilme-Stemnet

Semifinalister – Nordsjøfestivalen