I FolkOrg sin langtidsplan er eitt av måla å samarbeide med lokallaga om å få opp talet på dansefestar. Dette har ført til tettare samarbeid mellom FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Stiftinga for folkemusikk og folkedans i Trondheim. No skal heile Noreg svinge seg!

Det er mange som drøymer seg attende til 1960-, 1970- og 1980-talet då golva var fulle av dansarar i grendehus og ungdomshus. Korleis skal vi greie å få folk i alle aldrar til å gå «mann av huse» for å gå på dansetilstellingar att? Dette har Noregs Ungdomslag og FolkOrg no tenkt å gjere noko med.

Fredag 9. november vert det arrangert eit seminar om dansearrangement i samband med Folkelarm på Riksscenen i Oslo. Dette vert eit seminar med mange ressurspersonar i panel og publikum, og mange har allereie meldt seg på arrangementet.

Solskinshistorier
– Dette skal vere eit seminar med positivt forteikn. Vi har fått ja frå mange gode ressurspersonar frå fleire plassar i Noreg som vil komme og prate om sine gode erfaringar med å arrangere dansearrangement, seier Solveig Brekke Hauknes, kulturrådgjevar for folkedans i Noregs Ungdomslag.

Mellom andre Øystein Rudi frå Rudi Gard i Gudbrandsdalen, Brynjar Dahlø frå Gofotfestivalen i Selbu, Elisabeth Syrdahl Ellingsen frå Bygda Dansar i Rogaland og Mette Vårdal frå Noregs Ungdomslag kjem, pluss mange fleire. Gjennom dagen skal ein innom temaa solskinshistorier, marknadsføring, stønadsordningar, ulike arrangørutfordringar og mykje meir.

– Planen er at dialogen skal gå heile dagen og at vi saman skal hjelpe kvarandre til å få fram gode idear som kan brukast for å få fleire til å danse og spele på lokalet i tida framover, seier Thomas Nilssen, som skal vere ordstyrar på seminaret.

100.000 til dansearrangement
I forkant av seminaret har FolkOrg lansert ei stønadsordning der ein kan søkje om midlar til ulike typar dansearrangement. Denne stønadsordninga er ikkje tenkt berre for vanlege dansefestar, her er alle kreative dansearrangements-idear velkomne.

– Mange har lagt merke til at det står mange grendehus og ungdomshus rundt om i Noreg, og desse husa skrik etter å bli brukt til mellom anna sosial dans, seier Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallag og arrangørar i FolkOrg. – FolkOrg er glade for å, gjennom gåveforsterkningsordninga i Kulturdepartementet, ha fått moglegheit til å stø slike tilstellingar.

Langtidsplan
Under særskilde satsingar i perioden 2017–2019 i FolkOrg sin langtidsplan står det mellom anna at «Vi skal samarbeide med laga om å få opp talet på dansefestar». Vi vil med seminaret i november og stønadsordninga gje denne satsinga ein god start.

I langtidsplanen står det òg at vi skal samarbeide med NU og Sff på ulike måtar. Det siste året har FolkOrg, NU og Sff hatt jamlege møter og samtalar og samarbeider no tettare enn på lenge. Alle desse organisasjonane vil òg vere representert under seminaret den 9. november.