Meld deg på digitalt rekrutteringseminar 24.mai!

Rekrutteringseminaret blir arrangert tysdag 24. mai kl 19-21 på Teams.

Seminaret er meint som ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid, og dei ulike Dextra-prosjekta er spesielt inviterte.

Seminaret vil innehalde samtaler, idémyldringar og diskusjonar kor problemstillingar, erfaringar og tankar kring rekrutteringsarbeid kan delast. Målet med seminaret er å inspirere kvarande og dele nyttige erfaringar.

Gi beskjed om du har ønske om spesielle tema til seminaret.

FolkOrg har sidan 2017 samarbeida med Dextra Musica, og takka vere stønaden frå Dextra Musica kan FolkOrg stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i landet. Stønaden frå Dextra Musica var også grunnen til at vi starta opp med årlege rekrutteringseminar. Dei siste par åra har vi trappa opp til eit seminar i halvåret og haustens seminar arrangerast i samband med Folkelarm siste helga i november.

For spørsmål ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg på tlf. 954 42 592 eller sina@folkorg.no

Påmelding direkte gjennom eiget skjema på denne sida.

 

 

Påmelding til rekrutteringseminar