Laurdag 18. november arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering til folkemusikk- og folkedans!
Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev vi stønad til heile 14 prosjekt fordelt på 11 av landets 11 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer vi seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.
Tid: Laurdag 15.8 november kl 11:00-13:30 (inkl. lunsj)
Stad: Klubbscenen, Riksscenen
Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.
Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.
Påmelding gjennom skjemaet nedanfor innan måndag 13. november.
For spørsmål kontakt Solfrid Gjeldokk i FolkOrg, solfrid@folkorg.no tlf. 41552655
Velkommen!
PÅMELDINGA TIL SEMINARET ER STENGT.