Fredag 25. november arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering til folkemusikk- og folkedans!

SEMINARET ER NO FULLTEIKNA!

 

Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev vi stønad til heile 16 prosjekt fordelt på 10 av landets 11 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer vi seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Tid: fredag 25. november kl 13:00-17:00

Stad: Møllergata 39 (FolkOrg sine lokaler)

Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.

Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj. Vi har i år moglegheit til å gi bort delegatpass til Folkelarm, til alle som deltek på seminaret.

For spørsmål kontakt Live Visdal i FolkOrg, live@folkorg.no tlf. 97415515

Velkommen!

Program seminar

13:00-13:30 Velkommen, kaffe, info ved FolkOrg og Dextra Musica

13:30-14:00 Presentasjon av Dansespor ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans

14:00-14:45 Lunsj 

14:45-15:45 Presentasjon av Folkedans for barn med minoritetsbakgrunn ved Harald Omnes 

15:45-16:00 Pause 

16:00-17:00 Presentasjon av Polsdans mot Bodø 2024 ved Anette Johansen og Siri Strige

  • Diskusjon i grupper: korleis få til gode samarbeid med grunnskule og barnehage