Under Folkelarm i Oslo 15. november arrangeres det seminar om rekruttering i folkemusikkmiljøet.

FolkOrg har dei siste åra satsa mykje på rekruttering, og har sidan 2017 vore så heldige å få samarbeide med Dextra Musica. I dag gjev vi stønad til heile 14 rekrutteringsprosjekt rundt om i landet. Under Folkelarm i Oslo 15. november arrangeres det seminar om rekruttering i folkemusikkmiljøet.

Seminaret er meint å vere eit samlingspunkt kor alle interesserte kan få inspirasjon og idear til rekruttering i sitt lokalmiljø. Dagen vil innehalde foredrag om rekrutteringsarbeid, workshop, idemyldring, diskusjonar og samtaler kor erfaringar og tankar kan delast. Vi vil også få presentert eit par av dei noverande rekrutteringsprosjekta. Dagen vil i hovudsak bli leia av Viggo Bjørge. Viggo er lærarutdanna og har eit brennande engasjement for, og lang erfaring med opplæring, rekruttering, vidareføring og utvikling av korpsrørsla.  

Dagen startar med kaffi og mingling kl 09:15, og det offisielle programmet varar frå 09:45-15:30.

Ynskjer du å delta?

Meld deg på til sina@folkorg.no

Seminaret er gratis og det vert servert ein enkel lunsj.
Sei frå om du har matallergiar.