Medlem og medlemslag kan i denne ordninga søkje om midlar til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt. Midlane er gjeve av Dextra Musica og DNB Sparebankstiftelsen.

FolkOrg har sidan 2017 delt ut midlar til større rekrutteringsprosjekt innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Midlane er gjeve av Sparebankstiftelsen DNB og Dextra Musica.

Det kan søkjast støtte til både nye og eksisterande rekrutteringsprosjekt for born og unge innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Det er krav om ein viss storleik på prosjekta. Vi oppmodar søkjarane til å tenkje kreativt og nyskapande og om å skape prosjekt som samarbeider med ulike aktørar på feltet.