Torsdag 25. november arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I dag gjev vi stønad til heile 20 prosjekt fordelt på alle landets 11 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer vi seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.

Tid: 25. november kl 11:00-15:00

Stad: Riksscenen i Oslo

Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Dei ulike Dextra-prosjekta er spesielt inviterte. Dagen vil innehalde samtaler, idémyldringar og diskusjonar kor problemstillingar, erfaringar og tankar kring rekrutteringsarbeid kan delast. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.

Meld deg på i skjemaet nedst på sida. Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi og te, samt ein enkel lunsj.

For spørsmål kontakt Sina Myhr i FolkOrg, sina@folkorg.no tlf. 95442592

Velkommen!

 

.

 

 

Påmelding til rekrutteringseminar