I dag presenterte regjeringa ein firetrinns plan for opning av samfunnet.

Barn og unge vert prioritert når regjeringen skal opne opp samfunnet. Deretter kjem hensynet til arbeidsplassar og næringsliv, men smittetala må ha vore stabilt låge i tre veker før gjenopninga kan starte.

Det fyrste og førebuande tiltaket er å reversere alle (eller delar av) tiltaka vart gjort 25. mars. Desse tiltaka gjeld til og med 14 april. I prosessen med å opne opp att vil regjeringa vente om lag 3 veker og vurdere om det er trygt å gå vidare til neste trinn i planen.

Regjeringa seier at det ikkje er hensiktsmessig å tidfeste gjenopninga, men meiner at Trinn 2 vil kunne ta til i siste halvdel av mai.

Ingen datoar er fastsett i planen for opninga, men vert bestemt ut i frå desse kriteria:
-Smittesituasjon
-Kapasitet i helsetenesta
-Vaksinasjon

Dersom alt går etter planen, skal alle over 18 år ha fått tilbod om fyrste dose med vaksine i løpet av juni.

Les meir om planen for gjenopning på Regjeringa sine heimesider. 

Trinn 1

– Inntil 5 gjester i private heimar
– Skjenking til 22:00 med krav om matservering
– Arrangement som samlar berre samlar personar frå ein kommune kan gjennomførast
– 1 meter avstand
– Inntil 100 pers på innandørs arrangement på faste, tilviste plassar  (kulturarrangement, idrett, konferansar og gudstenester)
– Inntil 200 pers utandørs og opptil 600 pers i 3 kohortar på 200 pers (td fotballstadion)

Trinn 2
Det vil tidligast vera mogeleg å starte på  trinn 2 i siste halvdel av mai
– Framleis anbefaling om å gjennomføre arrangement og aktivitetar utandørs
– Inntil 10 personar i private heimar
–  Skjenking til 24:00, ingen krav om matservering
– Inntil 200 pers på innandørs arrangement, i faste, tilviste seter
– Barn og unge kan delta opp arrangement og organisert trening innanfor kommunen med ei begrensing på inntil 100 personar innandørs.
– For vaksne i breiddeidretten opnast det for trening ute og inne i grupper på inntil 20 personar. Ein eigen modell for dette kjem i midten av april.
– Regjeringa kjem med meir informasjon med råd og tilråingar om 17. mai i siste halvdel av april

– Regjeringa kjem med meir informasjon tidlig i mai om kva som vil gjelde for festivalar og arrangement i sommar.

Trinn 3
– Fleire kan samlast. Inntil 20 gjester i private heimar.
– Inntil 50 pers på private arrangement
– For offentlige arrangment vert det gjort eigne vurderingar som vert knytt opp mot bruk av hurtigtestar og koronasertifikat
– Det vert opna for vanlege skjenketider, men med krav om registrering og avstand mellom gjester.
– Heimekontor vil framleis vera aktuelt, men det vil òg vera mogeleg å jobbe frå arbeidsplassen
–  I breiddeidretten for vaksne vil det bli gradvis opning for seriespel og konkurransar.
– Mogeleg med organisert trening på tvers av kommunane

Trinn 4
– Mykje kan vera tilnærma normalt
– Ein må vera heime eller i karantene når ein eir sjuk
– Det kan framleis vera krav til tiltak og begrensing av publikum når det gjeld arrangement. Her gjerast det fortløpande vurderingar.
– Innhaldet i dette trinnet kan endrast basert på ny kunnskap og erfaring