Som medlem i FolkOrg får du 15% rabatt på abonnement hjå The Folk Music Academy.
Møt nokon av dei beste folkemusikarane i Norden og lær det du vil, når du vil!
The Folk Music Academy er ein ide av felespelar Olav Luksengård Mjelva. Tanken bak prosjektet er å gjera folkemusikk fra etter kvart heile verda tilgjengelig for folk flest og gje innblikk i ulike tradisjonar, instrument og spelestilar.
Eit mål er at prosjektet også kan rekruttere fleire folkemusikarar og auke interessa for både norsk og utanlandsk folkemusikk. The Folk Music Academy kan fungere som eit godt hjelpemiddel for å få med fleire yngre og det kan vera eit nyttig verktøy i både spelemannslag og kulturskuler som eit supplement til den gode innsatsen som ellers blir lagt ned lokalt.
The Folk Music Academy tilbyr:
- Videokurs i høgkvalitets fleirkameraproduksjon + intervju med alle instruktørar
- Live workshops og konsertar via Zoom (Læring av låtar, teknikk, foredrag m.m der det òg er mulig å stille spørsmål til instruktørane.)
- Noter
- Artiklar
- Brukarforum (lanserast i løpet av hausten)
- Nybyrjarleksjonar lanserast i løpet av året på fele, hardingfele, torader og nyckelharpe. Dei tre fyrstnemnte vil òg vera på norsk.
_____________________________________
Prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd, Bergesenstiftelsen, Rådet for folkemusikk og folkedans med fleire.
Tilgjengelige kurs:
Hardingfele: Ottar Kåsa, Johanne Flottorp, Olav Luksengård Mjelva og Jan Beitohaugen Granli
Fele: Antti Järvelä (FI), Lena Jonsson (SE), Olav Luksengård Mjelva, Harald Haugaard (DK), Kevin Henderson, Astrid Sulheim, Vegar Vårdal.
Trekkspill: Markus Räsänen (SE)
Torader: Rannveig Djønne, Tom Willy Rustad
Nyckelharpe: Olov Johansson (SE)
Tamburin: Jens Linell (SE)
Munnharpe: Tom Willy Rustad
Finsk kantele: Maija Kauhanen
Cello: Natalie Haas (US)
Cittern: Ale Carr (SE)
Clawhammer banjo: Allison de Groot (US)
Fleire kurs vil bli lagt til fortløpande.
________________________________________
Rabattkode:
Rabattkoden gir 15% rabatt på abonnement på The Folk Music Academy.
Kontakt Solfrid N. Gjeldokk i FolkOrg for å få tilsendt rabattkode: solfrid@folkorg.no