I 2023 er det 100 år sidan Landslaget for spelemenn, no FolkOrg, vart stifta. Ann Helen Erichsen er tilsett som prosjektleiar for 100-årsjubileet.
Erichsen har vore dagleg leiar for Farsund Folk Festival i fem år, ei stilling ho held fram i så lenge stillinga i FolkOrg er eit deltidsstilling. Ho har lang og brei erfaring som leiar og prosjektleiar både innan kultur og reiseliv. Mellom anna har ho både vore kinosjef og turistsjef.
–Vi er veldig glade for å få Ann Helen inn i denne stillinga. Med solid kulturfagleg utdanning, brei relevant erfaring og ikkje minst stor respekt og entusiasme for folkemusikken og folkedansen, er leiing av jubileet i trygge hender, seier dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes.
–Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben som prosjektleiar. Eg er audmjuk og stolt over å ha fått denne moglegheita, og skal gjere mitt beste for at vi skal få ei feiring heile miljøet kan kjenne seg att i, og vere stolt av, seier nytilsett prosjektleiar Ann Helen Erichsen
I jubileumsåret ønskjer vi å engasjere heile miljøet vårt og i tillegg nå ut til nye grupper. Vi ser fram til folkemusikkens og folkedansens år!
