Vi ønskjer alle velkommen til ei storstilt jubileumsfeiring i Bergen 13.-14. oktober!

Jubelkonsert med det beste av norsk folkemusikk  laurdag 14. oktober! 

HM Dronning Sonja vitjar konserten
NB! Skal du på jubileumskonserten vår må du merke deg at ingen kjem inn i salen etter at HM Dronning Sonja har kome inn. Vi har program i foajeen frå klokka 18.00, møt gjerne opp i god tid før det.
 
Antrekk: Vi set pris på pent antrekk, gjerne bunad

Velkommen til ei unik og spennande konsertoppleving med det beste innan folkemusikk og folkedans! Vi håpar mange blir med på vår storstilte feiring av folkemusikken i Grieghallen. Det blir ei engasjerande og variert konsertforestilling med dei beste utøvarane folkemusikken har å by på. Over 150 musikarar og dansarar på scena! Det er ein konsert som gjer oss medlemmar i FolkOrg stolte av det vi driv med. Og vi ynskjer at ALLE skal få oppleve dette! Solistane er namnspurte og aktive musikarar av i dag. Det er både rekruttar, kappleik- og landsfestivalvinnarar, folkelarmvinnarar, fleire årets folkemusikkartistar og heidersmedlemmar.

Vi feirer 100 år! Folkemusikken har levd i uminnelege tider, men for 100 år sidan fekk vi ein organisasjon som sette miljøet og musikken på kulturkartet. I dag er vi FolkOrg, og sidan starten har folkemusikkmiljøet og organisasjonen vokst seg til å bli ein vital og stor 100åring. Dette skal feirast med brask og bram, og vi ynskjer å vise fram det beste vi har til alle som vil få eit tidsbilete av kva den norske folkemusikken byr på i 2023. Og feiringa av 100årsjubilanten toppast med verdas største juniorspelmannslag – med 100 barn på scena!

FolkOrg sin høge beskyttar H.M. Dronning Sonja kjem. Kultur- og likestillingsministeren kjem. Og vi ynskjer velkommen ALLE som er glade i musikk og dans til å kome og få oppleve det beste av norsk folkemusikk!

Kultivator AS har den kunstariske leiinga. Dei har satt saman eit konsertforestilling som skal vise heile breidda i miljøet.

I tillegg til denne storslagne konserten er det fleire arrangement i Bergen denne helga!

Feiringa startar allereie fredag 13. oktober, og folkemusikken og folkedansen vil synast og høyrast langt ut over helga.

Program for jubileumshelga:

Fredag 13. oktober

  • Folkemusikkarkiva i Vestland inviterer til arkivarrangement kl. 17.00 med Arne Anderdal, Magni Rosvold og Sigrid Moldestad på Fylkeshuset.
  • Vestlandskappleiken startar kl 17.00
  • Opningkonsert for Vestlandskappleiken på Gimle kl. 19.00.

Laurdag 14. oktober

Måndag 16. oktober

Måndag kan du få med deg konsert med gruppa Sver på folkemusikklubben Columbi Egg.

Rabatt på hotellovernatting for medlemmer i FolkOrg
Som medlem får du 15 % rabatt på hotellovernatting hos alle hotella som er tilslutta De Bergenske Hotell. Sjå oversikt her!
Rabattkoden er RAB15. Velg hotell, antal personar og antal netter, legg inn rabattkoden og trykk på søk. Fullfør bestilling på vanleg vis.

Som FolkOrg medlem får du rabatt på jubileumsboka «Songen Dansen Spelet»
Medlemspris kr. 380,-  Ordinær pris kr. 450,- (pluss porto om den skal sendast)
Bestill boka her (lenke)

Medlemspris på billettar til jubileumskonserten!
Når du kjøper billettar på Jubileumskonserten får du sjølvsagt også medlemspris, du finn kategori for rabatt når du går inn for å kjøpe billett.

Varmt velkomne til jubileumsfeiring i Bergen!

Her kan du kjøpe billett til jubileumskonserten!