Speling, dansing, fjelltur og julekonsert-turne er nokre av stikkorda om Mukampen spel- og dansarlag. Dette er eit lag som gledar mange gjennom kalenderåret.

Mukampen spel- og dansarlag er eit resultat av ei samanslåing mellom Skåbu spelemannslag og Heidal spel- og dansarlag i 2015. Fyrste spelemannslaget i Skåbu vart stifta i 1958 og Heidal spelemannslag vart stifta i 1954. Laget har difor hovudsakleg medlemmar frå kommunene Sel og Nord-Fron. Mukampen spel- og dansarlag er eit veldig aktivt lokallag både på kappleikar, festivalar og andre arenaar rundt om i Noreg, men dei er og sterke bidragsytarar til kulturlivet i sitt distrikt.

Mukampen spel- og dansarlag har mykje aktivitet gjennom kalenderåret. Dei er å sjå på scener tidt og ofte. Det siste året har dei til dømes spelt på gamleheimar, delteke på kappleikar og festivalar, spelt på byfest på Vinstra, opptrådd saman med Arve Tellefsen og Eldar Nilsen frå H. M. Kongens Garde, og mykje meir.

I august arrangerte Mukampen spel- og dansarlag tur til fjellet Mukampen (1745 moh.) med  konsert og dans på toppen. Dette vil vere eit minne for medlemmane og deltakarane i mange år. Denne turen resulterte og i reportasje under Extra-trekninga på NRK TV i byrjinga av september, og seinare i haust kjem det reportasje på Norge Rundt. Turen opp til Mukampen tek om lag 2,5 timar og godt over 200 personar var med på turen.


Foto: Linda Dyrnes

Dei siste åra har Mukampen spel- og dansarlag arrangert ein eigen mini-turne med julekonsertar. Då samarbeider dei med andre musikarar, som til dømes Camilla Granlien, Martin Steinum Brun og Mari Midtli. Så to helger før jul er det mogleg å høyre julekonserten til Mukampen spel- og dansarlag i tre kyrkjer rundt om i Gudbrandsdalen. Konserten er utruleg populær og kyrkjene er fulle når laget ber inn til fyryjulsstemning.

Dei siste to åra har Mukampen spel- og dansarlag satsa på eit nytt rekrutteringsprosjekt i laget. Det er Hans Sandum som er ansvarleg for feleundervisninga. Over 20 born meldte seg på då dei starta opp satsinga og nesten alle er med enno. Tidleg i satsinga vart Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule ein viktig samarbeidspartnar. No er Trygve Liahagen, andreårsstudent på folkemusikklina, Hans sin medlærar på fele. Ungane får og prøve seg på dans gjennom året.

Vi gratulerer Mukampen spel- og dansarlag med velfortent nominasjon til årets lokallag i FolkOrg!