Lom spel og dansarlag er eit lag med mange topp-plasseringar frå kappleikar og festivalar. No satsar laget stort på rekruttering, og dei siste åra har medlemstalet auka betydeleg.

Lom spelmannslag vart stifta i 1942 og har gjennom alle år vore eit aktivt spelmannslag. Laget har fostra mange gode solospelemenn og har i tillegg vore eit sterkt lag i lagspel på både Landskappleik og Landsfestival, med mange topp-plasseringar. I 1994 skifta laget namn til Lom spel og dansarlag. I 2015 arrangerte laget Landsfestivalen i gammaldansmusikk med eit godt overskot, og sidan den gongen har både medlemstalet og aktiviteten auka betrakteleg.

Lom spel og dansarlag satsar stort på rekrutteringa og har eit godt samarbeid med kulturskulen. På fele har det vore god rekruttering lenge, men no er det og tilbod om opplæring i song og dans, i tillegg til at dei og har eit eige juniorspelemannslag. Den vokale folkemusikken har ikkje stått så sterkt i Gudbrandsdalen dei siste tiåra som instrumentalmusikken, men i Lom er det no to vokalgrupper med til saman tolv aktive medlemmar. Det er Jarnfrid Kjøk og Mari Midtli som er faste instruktørar, og på Landskappleiken i Trysil i sommar var seks av C-klassingane i vokal folkemusikk frå Lom.


Foto: Audun Stokke Hole

Våren 2017 starta «Dans i skulen». Dette er eit tilbod til alle elevane på 5. steg i skuletida. Dette er eit samarbeid der kommunen får midlar frå den lokale skulesekken, medan spel og dansarlaget dekkjer musikken.

Hausten 2017 starta dei og opp med hallinggruppe. Denne dansegruppa teljer ti medlemmar, og Rolf Bjørgan er instruktør. Dansen er og sentral i dei ulike arrangementa som Lom spel og dansarlag har gjennom året, og dei er såvidt i gang med arbeidet med å få Lomsspringleiken aktiv på dansegolvet att.

Lom spel og dansarlag er altså eit utruleg aktivt lokallag. Dei har miljøkveldar der folk i alle aldrar møtest, dei arrangerer folkemusikkverkstad for ungar, dei er viktig samarbeidspartnar med FolkRekrutt, dei gjev stønad til born og ungdom som ynskjer å reise på kurs, dei støttar CD- og bokutgjevingar og dei dekkjer deltakaravgifta til medlemmane som er aktive på kappleikar og festivalar. Og det er vel ikkje tvil om at Lom spelemannslag under musikalsk leiing av Bjørn Kåre Odde er ein fryd å høyre på!

FolkOrg gratulerer Lom spel og dansarlag med velfortent nominasjon til årets lokallag!