70-åringen Hardanger Spelemannslag er eit lag med mange ballar i lufta. Dei jobbar godt både med rekruttering, dokumentasjon og miljø. Og i 2019 arrangerer dei den fyrste Landsfestivalen i Hordaland.

Sundag den 26. september i 1948 møttest om lag 20 menn og kvinner på Mass Hus sitt pensjonat i Kinsarvik. Føremålet med møtet var å skipa eit spelemannslag i Hardanger, og initiativtakarar var Anders Kjerland frå Granvin og Jon Velure frå Lofthus. I dag er Hardanger spelemannslag dans, musikk, hardingfele, springar, hamborgar, rudl, slåttestev, vals og mykje meir.

I 2018 tel Hardanger spelemannslag 100 registrerte medlemmar. Dei fleste er busett i Hardanger, nokre er utflytte hardingar med bustadadresser andre stader i landet, nokre bur i Sverige og nokre bur til og med i Japan!


Foto: Thor Hauknes

Hardanger spelemannslag har eit tett samarbeid med kulturskulane og hardingfela.no. Mange av elevane blir etterkvart rekruttert inn i Hardanger juniorspelemannslag som vert drifta av laget og har faste øvingar ein gong i månaden. Laget arrangerer og øving for hardingfelespelarar, dansarar og toradarspelarar ein gong i månaden.

I tillegg til fokuset på rekruttering og oppretthalding av miljøet har laget sett i gong eit større dokumentasjonsprosjekt. Målet er å få dokumentert både historie gjennom intervju og musikk gjennom opptak av alle aktørane dei har innan både hardingfele, song, dans og durspel. Prosjektet heiter «Innsamling av nolevande folkemusikktradisjon i Hardanger innan song, spel og dans.» Alt materiale vert levert til Hardanger Folkemusikksamling. Dette prosjektet har fått stønad av Norsk Kulturråd og Hordaland fylkeskommune, i tillegg til at laget bruker eigne midlar.

I 2018 markerer Hardanger Spelemannslag 70-årsjubileum med fleire konsertar. Den 21. september hadde dei den fyrste konserten og den gjekk av stabelen på sjølvaste Riksscenen i Oslo. Turen til Oslo vil nok stå att som eitt av høgdepunkta i jubileumsåret for spelemannslaget då mange av lagsmedlemmane var med på bussturen frå Hardanger til Oslo.

Hardanger Spelemannslag er eit svært aktivt lag som ønskjer å vera ein viktig aktør i kulturlivet i Hardanger, og vi i FolkOrg gler oss til at laget neste år arrangerer Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Kinsarvik – den fyrste i Hordaland nokonsinne.

Gratulerer til Hardanger Spelemannslag med vel fortent nominasjon til årets lokallag i FolkOrg!