Heidersmedlemmet Peder Gullikstad gjekk bort i juli etter eit langt liv i folkedansen si teneste.

Han har, saman med sin Randi, lagt ned ein enorm innsats i arbeidet med å halde dansetradisjonane frå Røros i hevd, og har gjennom heile livet ivra for å vidareføre denne kulturarven vidare gjennom utallige kurs og samlingar. Peder var med på stiftinga av Røros Folkedanslag midt på 70-talet og har vore ein av dei viktigaste drivkreftane i laget.  Peder var ein miljøskapar og inspirator for svært mange som møtte folkedansen for fyrste gong, og brukte «gammelmåten» som pedagogisk verkemiddel; sjå, herme og danse med dei som kan. Peder var også svært historisk interessert, og i landsperspektiv  har «Gullikstad-metoden» vore viktig med ein kombinasjon av praktisk læring og formidling av historie og tradisjon. Peder og Randi vart A-klassedansarar allereie i  1980, og har vunne Landskappleiken mange gonger. Dei har også vore brukt som dommarar fleire gonger. På Landskappleiken i Vågå i 1996 fekk dei Kongepokalen for Rørospolsen sin og under Landskappleiken i Vågå i  2002 blei  båe to utenmd til heidersmedlemmar.

Vi lyser fred over Peder Gullikstad sitt minne.

Peder og Randi Gullikstad med «Kongepokalpolsen» sin i Vågå 1996.