Påmeldinga til Landskappleiken i Vågå har opna!

Det vert gradert deltakaravgift, slik som tidlegare år, samt ein reduksjon i deltakaravgifta ved fleire deltakingar. Endeleg påmeldingsfrist er 23. mai.

Deltakaravgift 11. april – 9.mai
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag:
200 kr for første påmelding.
100 kr per påmelding vidare.

Senior og – A, -B og – D klassingar solo/gruppe/lag:
350 kr for første påmelding.
175 kr per påmelding vidare.

Deltakaravgift 10. mai t.o.m absolutt siste frist 23. mai
Junior og C-klassingar solo/gruppe/lag:
300 kr for første påmelding.
150 kr per påmelding vidare.

Senior og – A, -B og – D klassingar solo/gruppe/lag:
450 kr for første påmelding.
225 kr per påmelding vidare.

All deltakaravgift går til lokal arrangør.

Alle som deltek på Landskappleiken må vere medlemmer i FolkOrg. Dette kostar 290 kr for vaksne, og 100 kr for born/ungdom under 18 år. I tillegg kjem eventuell medlemskontingent i lokallag / områdelag. Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Meld deg på tevling på Landskappleiken her: https://tevling.folkorg.no/ 

Medlemsnr finn du på faktura frå FolkOrg. Dersom du ikkje finn det kan du ta kontakt med leiar i laget ditt, eller sende ei melding til FolkOrg.

Her kan du lese meir om Landskappleiken 2019

Her finn du tevlingsreglementet og kan sjå kva endringar som er gjort