Frå og med fredag 25. mai kan du melde deg på som deltakar på Landsfestivalen 2018.

Det vert gradert deltakaravgift, slik det har vore dei førre åra, og den endelege påmeldingsfristen er 6. juli.

Påmeldingstida for Landsfestivalen 2018 gjekk ut i går, 6. juli. Dersom du har spørsmål kring deltaking kan du ta kontakt med Ingrid Schei Stuhaug i FolkOrg. Epost: ingrid@folkorg.no

Alle som deltek på Landsfestivalen i gammaldansmusikk må vere medlem i FolkOrg, og bruke medlemsnummeret sitt i FolkOrg for å melde seg på. Medlemsnummeret finn ein på medlemskortet sitt.

Deltakaravgift 25. mai t.o.m 21. juni

Junior:
150 kr for fyrste påmelding
50 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare

Senior:
250 kr for fyrste påmelding
150 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare

Deltakaravgift 22. juni t.o.m. absolutt siste frist 6. juli

Junior:
200 kr for fyrste påmelding
100 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare

Senior:
350 kr for fyrste påmelding
250 kr for andre påmelding
0 kr per påmelding vidare

All deltakaravgift går til lokal arrangør.

Alle som deltek på Landsfestivalen i gammaldansmusikk må vere medlemmar i FolkOrg. Dette kostar 290 kr for vaksne og 100 kr for born/ungdom under 18 år. Les meir her: www.folkorg.no/meld-deg-inn-i-folkorg/

Tevlingsreglement
Tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vart revidert av styret i FolkOrg 12. Januar 2018. Desse endringane vart gjort for Landsfestivalen:

  • Ein kan delta fleire gonger med same instrument i alle samspelklassane
  • Det skal vere fast seks finalistar i lagspel fele/hardingfele og gruppespel
  • I dei andre klassane blir tal finalistar bestemt ut frå tal startnummer, slik som tidlegare
  • Alle finalistane i pardans blir rangert, medan dei resterande deltakarane blir sett opp i alfabetisk rekkefølgje
  • Ein kan delta fleire gonger i lagdans
  • Open klasse blir tatt vekk frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk
  • Det blir oppretta ei ny klase for duoar og trioar: Samspel sr. Finalereglane som gjeld for alle klassane, utanom gruppespel og lagspel fele/hardingfele, gjeld også for samspel sr.
  • Gruppespel skal ha minimum fire deltakarar per startnummer. Det er ingen endringar i vedtektene elles med tanke på instrumentsamansetning

Tevlingsreglementet revidert 2018

Vi oppmodar deltakarane til å lese tevlingsreglane for den/dei klassane dei skal delta i.

Dansespel
Landsfestivalen ønskjer å tilby eit variert dansetilbod under festivalen, og treng fleire namn på dansespellista! Det blir dans i matteltet og i Skjåk-hallen. I tillegg er det mogeleg å melde seg på miljøspeling på dagtid i sentrum eller på aldersheimen. Meld deg på dansespelet her.

Nye personvernlovreglar
I juli 2018 vert det innført nye personvernlovreglar i Noreg og Europa. På grunn av desse reglane får alle deltakarane spørsmål om dei godkjenn at kontaktinformasjonen deira vert lagra i samband med årets Landsfestival. Informasjonen vert lagra i systemet vårt, og den vert ikkje delt vidare. Dersom nokon ønskjer at kontaktinformasjonen ikkje vert lagra, ta kontakt med Ingrid Schei Stuhaug.

Følg med på www.landsfestivalen.no framover for informasjon om festivalen, konsertar, overnatting og anna nyttig informasjon.